1 Corinthians 12NO1978NN

1Når det gjeld Andens gåver, brør, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap om dei.

2De veit at då de var heidningar, vart de dregne til dei mållause avgudane og førte hit og dit.

3Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna er Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den Heilage Ande.

4Det er skil på nådegåver, men Anden er den same.

5Det er skil på tenester, men Herren er den same.

6Det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle.

7Hjå kvar einskild gjev Anden seg til kjenne, så det vert til gagn.

8Ved Anden vert det gjeve den eine å forkynna visdom; ein annan får ved den same Ande å tala kunnskap.

9Éin får ei serskild trusgåve ved den same Ande, ein annan får den nådegåva å lækja ved den eine og same Ande,

10og éin får kraft til å gjera mektige gjerningar. Éin får den gåva å tala profetisk, ein annan gåva å prøva ånder, éin får tungetale av ulikt slag, ein annan å tyda tungetalen.

11Alt dette verkar den eine og same Ande, som deler ut sine gåver til kvar einskild, som han vil.

12For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg.

13For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka.

14For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange.

15Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer han like fullt med til lekamen.

16Og om øyra ville seia: «Fordi eg ikkje er auga, høyrer eg ikkje med til lekamen», så høyrer det like fullt med til lekamen.

17Dersom heile lekamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen?

18Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på lekamen, så som han ville det.

19Dersom dei alle var éin lem, kvar vart det då av lekamen?

20Men no er det mange lemer, men berre ein lekam.

21Auga kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk».

22Tvert imot! Dei lemene på lekamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege.

23Og dei lemene på lekamen som vi tykkjer er mindre ære verde, dei viser vi di større ære, og dei lemene som vi blygjest ved, kler vi med endå større sømd;

24dei andre treng det ikkje. Men Gud har sett lekamen såleis saman at han gav det ringaste størst ære,

25så det ikkje skal vera strid i lekamen, men at lemene skal ha same omsut for kvarandre.

26For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem vert æra, gleder alle dei andre seg.

27Men de er Kristi lekam, og kvar av dykk ein lem på han.

28I kyrkja har Gud for det fyrste sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, så mektige gjerningar, nådegåver til å lækja, hjelpetenester, styringsoppgåver, tungetale av ulikt slag.

29Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar?

30Har alle nådegåve til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungetalen?

31Men streva etter dei største nådegåvene! Og eg skal visa dykk den beste vegen:

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.