1Ha meg til førebilete liksom eg har Kristus til førebilete!
2Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringar som eg har gjeve vidare til dykk.
3Men eg vil de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og Gud er hovudet for Kristus.
4Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller talar profetisk, han vanærar hovudet sitt.
5Men ei kvinne som bed eller talar profetisk utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er det same som om ho var snauklypt.
6Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klyppa håret av seg! Men sømer det seg ikkje for ei kvinne å klyppa eller raka håret av seg, då må ho ha hovudbunad.
7Mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære.
8For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen.
9Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.
10Difor skal kvinna, for englane skuld, ha hovudbunad til eit teikn på mynde.
11Men i Herren er ikkje kvinna noko utan mannen, og mannen er heller ikkje noko utan kvinna.
12For liksom kvinna vart til av mannen, så vert mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud.
13Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet?
14Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår,
15medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør.
16Men vil nokon skapa strid, så skal han vita at den sedvanen har ikkje vi, og heller ikkje Guds kyrkjelyd.
17Når eg no gjev dykk mine påbod, er det ein ting eg ikkje kan rosa dykk for: De kjem saman på ein slik måte at det ikkje vert til gagn for dykk, men til skade.
18For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk når de samlast i kyrkjelyden, og eg trur at det er noko i det.
19For det må vera serflokkar hjå dykk, så det kan verta klårt kven det er som held mål.
20Når de då kjem saman, er det ikkje Herrens måltid de held.
21For når de held måltid, sit kvar og ein med sin eigen mat, og den eine er svolten, medan den andre fyller seg.
22Kan de ikkje eta og drikka heime? Eller vanvørder de Guds kyrkjelyd og lèt dei skjemmast som ingenting har? Kva skal eg seia til dette? Skal eg rosa dykk? Nei, for dette rosar eg dykk ikkje.
23For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk: Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød,
24takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!»
25Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!»
26For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem.
27Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod.
28Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken.
29For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms.
30Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av.
31Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde.
32Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.
33Difor, mine brør: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre!
34Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om det andre skal eg gje føresegner når eg kjem.