1Satan stod fram mot Israel og eggja David til å halda folketeljing i landet.
2Då sa David til Joab og dei andre hærførarane: «Gå av stad og tel israelittane frå Be’er-Sjeba til Dan, og lat meg få melding, så eg kan vita kor mange dei er.»
3Joab svara; «Gjev Herren må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er! Er dei ikkje alle dine tenarar, herre konge? Kvifor krev du då dette, herre? Kvifor skal dette føra skuld over Israel?»
4Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab. Så tok Joab ut og fór ikring i heile Israel. Og då han kom heim att til Jerusalem,
5la han fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I heile Israel var det elleve hundre tusen våpenføre menn og i Juda fire hundre og sytti tusen.
6Men Levi og Benjamin hadde han ikkje talt saman med dei andre. For Joab hadde mykje imot det påbodet kongen hadde gjeve.
7Det som hadde hendt, var vondt i Guds augo, og han ville straffa Israel.
8Då sa David til Gud: «Eg synda storleg då eg gjorde dette. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.»
9Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sa:
10«Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.»
11Så gjekk Gad til David og sa til han: «Så seier Herren: No kan du velja,
12anten naud og svolt i tre år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader utan at du kjem deg unna sverdet deira, eller at pesten, Herrens sverd, fer over landet i tre dagar, og Herrens engel herjar i heile Israels-riket. Tenk no etter kva eg skal svara han som har sendt meg.»
13David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat meg då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»
14Så lét Herren ein pest koma over Israel, og det døydde sytti tusen mann av folket.
15Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han heldt på med øydinga, såg Herren det. Då angra Herren på den ulukka han hadde sendt, og sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan.
16Då David såg opp, fekk han auga på Herrens engel, som stod mellom himmel og jord med eit drege sverd i handa og rette det ut mot Jerusalem. Då kasta både David og dei eldste seg til jorda, kledde i botsdrakt.
17Og David sa til Gud: «Å, eg som ville at folket skulle teljast! Det er eg som har synda og bore meg ille åt. Men desse som eg er hyrding for, kva vondt har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di råma meg og ætta mi, men spar folket ditt for pesten!»
18Då sa Herrens engel til Gad at han skulle be David gå opp til treskjevollen åt jebusitten Ornan og reisa eit altar for Herren der.
19Så gjekk David dit, som Gad hadde sagt i Herrens namn.
20Ornan heldt nett på og treskte kveite. Då han snudde seg, fekk han sjå engelen, og dei fire sønene som var med han, gøymde seg.
21Som no David kom fram, såg Ornan opp og vart var kongen. Då gjekk han bort frå treskjevollen og kasta seg ned for David med andletet mot jorda.
22Og David sa til han: «Lat meg få treskjevollen din, så eg kan byggja eit altar for Herren der. Lat meg få han for full pris, så folket kan friast for pesten.»
23Då sa Ornan til David: «Ta du vollen, herre konge, og gjer det du tykkjer er best. Sjå, her gjev eg deg oksane til brennoffer, treskjesledane til ved og kveiten til grødeoffer. Alt dette skal vera ei gåve frå meg.»
24Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det for full pris. Eg vil ikkje ta det som ditt er, og gje det til Herren. Eg vil ikkje bera fram brennoffer som eg har fått for inkje.»
25Så vog David opp seks hundre sekel gull og gav Ornan for treskjevollen.
26Han bygde eit altar for Herren der, og bar fram brennoffer og måltidsoffer og ropa til Herren. Og Herren svara han med eld som kom frå himmelen og fór ned på brennofferaltaret.
27Så sa Herren til engelen at han skulle stikka sverdet sitt i slira att.
28Då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på treskjevollen åt jebusitten Ornan, ofra han der.
29Herrens møtetelt, som Moses hadde fått laga i øydemarka, og brennofferaltaret stod den gongen på haugen i Gibeon.
30Men David torde ikkje gå dit og søkja Gud, så redd var han for sverdet åt Herrens engel.