1 Chronicles 20NO1978NN

1Året etter, på den tid kongane plar fara i hærferd, drog Joab ut med hæren sin og herja ammonittlandet. Då han kom til Rabba, kringsette han byen. Sjølv sat David heime i Jerusalem. Men Joab tok Rabba og øydela han.

2David tok krona av hovudet på ammonittkongen. Han fann at ho var av gull og vog ein talent, og ho var prydd med ein edelstein. No kom ho på Davids hovud. Han tok stort hærfang i byen og førte det med seg.

3Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og øksar. Såleis gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.

4Sidan kom det til strid med filistarane ved Geser. Der felte Sibbekai av Husja-ætta ein mann som heitte Sippai og var ein av etterkomarane etter Rafa. Då vart dei kua.

5Endå ein gong kom det til strid med filistarane, og Elkanan, son til Ja’ir, felte Lakmi, bror til Goliat frå Gat, som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.

6Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa.

7Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.

8Alle desse var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.