1 Chronicles 18NO1978NN

1Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok frå dei Gat og småbyane som låg ikring.

2Moabittane vann han òg over. Dei laut gje seg under han og svara skatt.

3Like eins vann David over Hadadeser, kongen i Soba, ved Hamat, då han drog ut og ville vinna herredøme ved Eufrat.

4David tok frå han tusen vogner, sju tusen hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre av dei.

5Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei.

6David la vaktmannskap i Damaskus-riket. Aramearane laut gje seg under han og svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

7David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.

8Og frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med bronse. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.

9Då To’u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba,

10sende han Hadoram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på han og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden mot Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To’u. Hadoram hadde med seg gåver av gull, sølv og bronse.

11Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane.

12Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, atten tusen mann.

13Så la David vaktmannskap i Edom, og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

14Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.

15Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.

16Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Sjavsja riksskrivar.

17Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var dei fremste hjå kongen.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Chronicles 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.