1Ein dag David sat i huset sitt, sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Herrens paktkiste står i eit telt.»
2Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Gud er med deg.»
3Men same natta kom Guds ord til Natan, og det lydde så:
4«Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Du skal ikkje byggja det huset eg skal bu i.
5Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane hit opp, og til denne dag. Men eg har ferdast om frå telt til telt, frå bustad til bustad.
6Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar, som eg sette til å vakta folket mitt: Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?
7Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.
8Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det.
9Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir, og valdsmenn skal ikkje herja dei som i gamle dagar.
10Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men eg tvinga alle fiendane dine under deg. Og no forkynner eg deg at Herren vil byggja eit hus åt deg.
11Når tida di er ute, og du fer til fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp ein som er av di eiga ætt, ein av sønene dine, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.
12Han skal byggja eit hus åt meg, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.
13Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg.
14Eg vil for alltid setja han over mitt hus og mitt rike, og kongsstolen hans skal stå støtt til evig tid.»
15Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
16Då gjekk kong David inn og drygde lenge for Herrens åsyn og sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mi ætt, sidan du har ført meg til denne dag?
17Og endå var dette for lite for deg, Gud. Difor har du tala om ætta åt tenaren din langt fram i tida. Og du ser på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud.
18Kva meir skal David seia til deg om den æra du har vist meg? Du kjenner då tenaren din.
19Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarta har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting.
20Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt og spurt.
21Og kvar finst det eit folk på jorda som Israel, folket ditt – eit folk som Gud sjølv kom og løyste ut og gjorde til sitt eige folk? Med storverk og under skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut or Egypt.
22Du sette Israel, folket ditt, til å vera ditt folk til evig tid; og du, Herre, vart deira Gud.
23Så lat det no, Herre, stå ved lag for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og ætta hans, og gjer som du har sagt!
24Ja, lat det stå ved lag! Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, han er Gud for Israel! Og ætta åt David, tenaren din, skal stå urikka for ditt åsyn.
25For du, min Gud, har vitra tenaren din om at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg.
26Ja, Herre, du er Gud, og du har gjeve tenaren din denne store lovnaden.
27Så gjer då vel og velsigna ætta åt tenaren din, så ho alltid må stå urikka for ditt åsyn. For det som du velsignar, Herre, det er velsigna til evig tid.