1Sidan bygde kongen seg fleire hus i Davids-byen. Han stelte til ein stad åt Guds paktkiste og sette opp eit telt åt henne.
2Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.»
3Så samla David heile Israel i Jerusalem. Dei skulle vera med og føra Herrens paktkiste opp til den staden han hadde stelt til åt henne.
4Og David kalla saman Arons-sønene og levittane:
5av Kehat-sønene Uriel, den øvste, og brørne hans, 120 mann;
6av Merari-sønene Asaja, den øvste, og brørne hans, 220 mann;
7av Gersjom-sønene Joel, den øvste, og brørne hans, 130 mann;
8av Elisafan-sønene Sjemaja, den øvste, og brørne hans, 200 mann;
9av Hebron-sønene Eliel, den øvste, og brørne hans, 80 mann;
10av Ussiel-sønene Amminadab, den øvste, og brørne hans, 112 mann.
11Så kalla David til seg prestane Sadok og Ebjatar og levittane Uriel, Asaja, Joel, Sjemaja, Eliel og Amminadab
12og sa til dei: «De er hovdingar for ættgreinene åt levittane. Helga dykk no, både de og brørne dykkar, og før så paktkista åt Herren, Israels Gud, opp til den staden eg har stelt til åt henne.
13Når Herren førre gongen braut inn mellom oss, var det fordi de ikkje var med; vi søkte han ikkje på rett vis.»
14Då helga dei seg, prestane og levittane, så dei kunne føra paktkista åt Herren, Israels Gud, opp dit ho skulle.
15Og levittane bar henne på akslene sine etter berestengene, så som Moses etter Herrens ord hadde sagt dei føre.
16Så baud David levitthovdingane at dei skulle la brørne sine, songarane, stiga fram med musikkinstrument, med harper, lyrer og cymblar. Dei skulle spela på dei medan dei lét gledesongen ljoma.
17Då lét levittane Heman Joelsson stiga fram, og av brørne hans Asaf, son til Berekja, og av Merari-sønene, brørne deira, Etan, son til Kusjaja.
18Saman med dei var brørne deira av annan rang: Sakarja, Ja’asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Benaja, Ma’aseja, Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom og Je’iel, portvaktarane.
19Songarane Heman, Asaf og Etan skulle slå på bronsecymblar.
20Sakarja, Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Ma’aseja og Benaja skulle spela på harpe etter «Alamot».
21Og Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom, Je’iel og Asasja skulle spela på lyre etter «Sjeminit» og styra songen.
22Kenanja, den øvste av levittsongarane, skulle styra songen; for han skjøna seg på det.
23Berekja og Elkana var dørvaktarar ved paktkista.
24Prestane Sjebanja, Josjafat, Netanel, Amasai, Sakarja, Benaja og Elieser bles i trompetar framfor Guds paktkiste. Og Obed-Edom og Jehia heldt vakt ved døra.
25Så tok dei ut, David og dei eldste i Israel og tusenmannsførarane; med fagnad skulle dei henta Herrens paktkiste opp frå huset åt Obed-Edom.
26Og fordi Gud hjelpte levittane som bar Herrens paktkiste, ofra dei sju oksar og sju verar.
27David var kledd i ei kappe av fint lin, og like eins alle levittane som bar paktkista, og songarane og Kenanja, songmeisteren, som styrte songen. David hadde òg på seg presteskrud av lin.
28Så førte då heile Israel Herrens paktkiste opp med fagnadrop og hornlåt, og dei bles i trompetar og slo på cymblar og spela på harpe og lyre.
29Men då paktkista vart boren inn i Davids-byen, såg Mikal, dotter til Saul, ut gjennom glaset. Ho fekk auga på kong David, som hoppa og dansa, og ho vanvørde han.