1Hiram, kongen i Tyrus, sende nokre menn til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg steinhoggarar og tømmermenn, som skulle byggja eit hus åt han.
2David skjøna at Herren hadde stadfest kongedømet hans; for riket hans hadde nått høgt i vørdnad på grunn av Israel, folket hans.
3David tok seg fleire koner i Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.
4Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,
5Jibhar, Elisjua, Elpelet,
6Nogah, Nefeg, Jafia,
7Elisjama, Be’eljada og Elifelet.
8Då filistarane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut imot dei.
9Filistarane kom og spreidde seg ut over Refa’im-dalen.
10Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra mot filistarane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.»
11Så fór David til Ba’al-Perasim, og der slo han dei. Då sa han: «Gud har brote igjennom fiendens rekkjer ved mi hand liksom vatn bryt igjennom ei demning.» Difor kallar dei den staden Ba’al-Perasim.
12Der lét filistarane etter seg gudebileta sine, og David sa frå at dei skulle brennast.
13Men filistarane kom att og spreidde seg ut over dalen.
14Då spurde David Herren til råds ein gong til, og han svara: «Du skal ikkje fylgja rett etter dei, men ta ein omveg, så du kjem over dei midt for bakatrea.
15Når du høyrer lyden av steg over tretoppane, skal du gå til strid. For då har Gud drege ut framføre deg og vil slå filistarane.»
16David gjorde som Gud hadde sagt, og han slo filistarhæren og forfylgde dei frå Gibeon til Geser.
17Gjetordet om David nådde ut til alle land, og Herren laga det så at alle folkeslag vart redde for han.