Zephaniah 1NO1938N

1Dette er Herrens ord som kom til Sefanias, son åt Kusi, son åt Gedalja, son åt Amarja, son åt Esekias, i dei dagar då Josias Amonsson var konge i Juda.

2Burt, ja burt vil eg taka alt frå jordi, segjer Herren.

3Eg vil taka burt menneske og dyr, taka burt fuglane i lufti og fiskane i havet og støytesteinane i lag med dei gudlause, og eg vil rydja menneski ut av jordi, segjer Herren.

4Eg vil retta ut handi mot Juda, og alle dei som bur i Jerusalem, og eg vil rydja ut frå denne staden alt som er att av Ba'al, namnet åt avgudsprestane i lag med prestane,

5og dei som på taki bed til himmelheren, og dei som bed til Herren og sver han truskap, men samstundes sver ved kongen sin,

6og dei som hev vendt seg burt frå Herren, og dei som ikkje hev søkt Herren og ikkje spurt etter han.

7Ver still for Herren, Israels Gud! For Herrens dag er nær; Herren hev laga til ei offerslakting, han hev vigt sine gjester.

8Og på Herrens offerslaktings-dag vil eg heimsøkja hovdingane og kongssønene og alle som klæder seg i utanlands-klæde.

9På den dagen vil eg heimsøkja alle dei som hoppar yver dørstokken, dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.

10På den dagen, segjer Herren, skal det høyrast skrik frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og stort brak frå høgdene.

11Jamra, de som bur i Morteren! For heile kana'anitar-folket er gjort til inkjes, og alle dei som bar på mengder av sylv, er utrudde.

12I den same tidi vil eg ransaka Jerusalem med lykter og heimsøkja dei som ligg i ro på sin berm og segjer i sitt hjarta: Herren gjer korkje godt eller vondt.

13Eigedomen deira skal verta til herfang, og husi deira leggjast øyde. Hus skal dei byggja, men ikkje bu i dei, vinhagar skal dei planta, men ikkje drikka vin frå dei.

14Nær er Herrens dag, den store. Han er nær og kjem med stor hast! Høyr! Det er Herrens dag! I redsla skrik då kjempa.

15Ein vreide-dag er den dagen, ein dag med naud og trengsla, ein dag med øyding og øydeleggjing, ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodd,

16ein dag med lurljom og herrop mot dei faste byer og mot dei høge murtindar.

17Då vil eg gjera folk so redde at dei gjeng der som blinde, for di dei hev synda mot Herren. Blodet deira skal verta burtslengt som mold, og kjøtet deira som møk.

18Korkje sylvet eller gullet deira skal kunde berga dei på Herrens vreide-dag, når elden frå hans brennhug øyder all jordi; for han vil gjera ende, ja ein brå ende på alle dei som bur på jordi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Zephaniah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.