1Ei bøn av profeten Habakuk etter Sjigjonot.
2Herre, eg hev høyrt tidendi um deg, eg er forfærd. Herre, ditt verk - kveik det upp att fyrr mange år er lidne, ja, kunngjer det fyrr mange år er lidne! I din harm kom i hug å miskunna oss!
3Gud kjem frå Teman, den Heilage frå Paranfjellet. Sela. Hans herlegdom er utbreidd yver himmelen, og jordi er full av hans æra.
4Det vert ein glans som av soli, geislar gjeng ut frå hans sida, og i dei er makti hans løynd.
5Fyre han gjeng sott, og sykja fylgjer hans fotfar.
6Når han stig fram, so ristest jordi; når han ser upp, lyt folki skjelva; dei eldgamle fjelli sprekk, og ævordoms-haugane sig i hop; han gjeng som han gjekk i fordoms tid.
7Kusans tjeldbuer ser eg i sorg, tjeldi i Midianslandet skjelv.
8Er du harm på elvane, Herre, logar din vreide mot dei? Harmast du på havet, sidan du fer fram på hestane dine, på sigervognene dine?
9Berr og naken er bogen din - og dine eidar til ættene, ditt ord! - Sela. Til elvar kløyver du jordi.
10Fjelli ser deg og skjelv, elvar bryt seg fram; djupet let høyra sitt mål, det lyfter hendene mot høgdi.
11Sol og måne gjeng inn i sitt hus for skinet frå dine farande piler, for glansen av ditt ljonande spjot.
12I harm skrid du fram yver jordi, i vreide trakkar du folki ned.
13Du dreg ut til frelsa for folket ditt, til frelsa for han som du salva; du krasar taket på huset åt den gudlause, du gjer grunnen berr alt til halsen. Sela.
14Med hans eige spjot sting du gjenom hovudi på herflokkane hans, som stormar fram og vil spreida meg, som gleder seg som det galdt å eta ein arming upp i løynd.
15Du fer yver havet med hestane dine, yver ein haug av veldige vatn.
16Eg høyrde det, og hjarta skalv, ved ljoden bivra lippone mine; beini morknar i meg, og eg skjelv der eg stend; for eg lyt tolug bia på trengsle-dagen, til han dreg upp som skal trengja folket.
17For fiketreet blømer ikkje, og vintrei ber ikkje frukt, olje-avlen mislukkast, og markene ber ikkje mat; han hev øydt sauene ut or kvii, og det finst ikkje fe i fjøsi.
18Men eg vil frygda meg i Herren, eg vil gleda meg i Gud, min frelsar.
19Herren, Israels Gud, er min styrke, han gjev meg føter som ei hind og let meg skrida yver mine haugar. Til songmeisteren, med min strengeleik.