Habakkuk 2NO1938N

1På vaktposten min vil eg stiga upp og standa på varden; og eg vil skygna og sjå kva han vil tala til meg, og kva svar eg fær på mitt ankemål.

2Og Herren svara meg og sa: Skriv upp syni og rita henne tydeleg på tavlone, so kvar og ein kann lesa det lett!

3For endå lyt syni venta på si tid; men ho stundar etter målet og svik ikkje. Um ho drygjer, so bia på henne! For ho kjem nok, ho skal ikkje verta burte.

4Sjå kor hjartans kaut og uærleg han er! Men den rettferdige skal leva ved si tru.

5So er og vinen ein svikar; den skrøytande karen - ikkje skal han få bu i ro, han som gaper grådig som helheimen. Han er som dauden og vert ikkje mett, han hev sanka til seg alle folk og henta til seg alle folkeslag.

6Alle dei skal i sanning setja i med nidvisor um han og sneida etter han i gåtor og segja: Usæl den som dungar i hop det han ikkje eig - kor lenge? - og som lesser på seg pantegods!

7Brått skal dei reisa seg dei som skal pina deg, og vakna dei som skal ruska deg upp, so du vert til ran for dei.

8Av di du hev plundra mange folkeslag, so skal alle som vert att av folki, plundra deg for manneblod skuld og for valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.

9Usæl den som fer etter låk vinning til huset sitt, av di han vil byggja reiret sitt i høgdi og berga seg undan ulukke-handi!

10Du hev lagt upp råder som vert til skam for ditt hus, lagt upp råder um å øyda mange folk og soleis synda mot deg sjølv;

11for steinen i veggen skal skrika, og bjelken i treverket skal svara han.

12Usæl den som byggjer ein by med blod og reiser ei borg med urett!

13Sjå, kjem ikkje det frå Herren, allhers Gud, at folki arbeider seg trøytte for elden, og folkeslagi møder seg ut for inkje?

14For jordi skal fyllast med kunnskap um Herrens herlegdom, liksom vatnet som fyller havet.

15Usæl den som skjenkjer andre av si vreide-skål, ja drikk dei drukne, so han kann skoda blygsli deira!

16Du vert metta med skam og ikkje med æra. Drikk sjølv og syn di fyrehud! Staupet i Herrens høgre hand kjem til deg i si tid, og skjemsla skal skyla di æra.

17For valdsferdi di mot Libanon skal koma yver deg, og øydingi av dyri, som skræmde dei, for manneblod skuld og valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.

18Kva gagnar eit utskore bilete, um no treskjeraren hev skore det? Eller eit støypt bilete, ein lærar i lygn, um no støyparen leit på det då han laga mållause avgudar?

19Usæl den som segjer til stokken: Vakna! - til ein mållaus stein: Statt upp! Skulde den vera lærar? Han er då slegen med gull og sylv, og det finst ikkje ånd i han.

20Men Herren er i sitt heilage tempel; ver still for hans åsyn, all jordi!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Habakkuk 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.