1Dette er den framsegni som profeten Habakuk skoda.
2Kor lenge, Herre, skal eg ropa, og du høyrer ikkje? Eg skrik til deg um vald - og du hjelper ikkje.
3Kvi let du meg skoda urett, og korleis kann du sjølv sjå på slik naud? Øyding og valdsverk hev eg for augo; kiv vert yppa og trettor kjem upp.
4Difor er lovi maktlaus, og retten når aldri fram; for ugudlege ringar inne den rettferdige, difor kjem retten fram rengd.
5Sjå ut millom folki, skoda og vert fælne, ja fælne! For eg gjer eit verk i dykkar dagar - de vilde ikkje tru det når det vart fortalt.
6For sjå, eg let kaldearane reisa seg, det kvasse og bråe folket, som fer fram so vida som jordi når, og eignar til seg framande bustader.
7Fælslege, skræmelege er dei; rett og velde råder dei seg sjølve.
8Hestane deira er snøggare enn leopardar og ramare til å springa enn ulvar um kvelden; hestfolket deira kjem i strjukande tan; hestfolket deira kjem langt burtanfrå, dei flyg som ørnen når han kastar seg ned på fengdi si.
9Alle kjem dei og vil gjera valdsverk, stridshuga stirer dei frametter, og dei sankar fangar som sand.
10Dei hev kongar til spott og hev hovdingar til lått; dei lær åt kvar ei borg, dei dungar i hop mold mot henne og tek henne.
11So stryk dei sin veg som ein vind og fer fram og fører skuld yver seg; dei hev si eigi kraft til sin gud.
12Er ikkje du frå fordoms tid Herren min Gud, min Heilage? Me skal ikkje døy. Herre, til å fullføra dom hev du sett dei. Du vårt berg, til å refsa hev du gjeve dei fullmakt.
13Augo dine er for reine til å sjå på det som vondt er, og du orkar ikkje skoda på naud. Kvi ser du då på svikarar, tegjer stilt når den ugudlege tyner den som er meir rettferdig enn han?
14Du hev fare med menneski som med havsens fiskar, som med kreket som ingen herre hev.
15Deim alle dreg dei upp med krok, samlar dei i si not og sankar dei i sitt garn; difor gleder dei seg og jublar.
16Difor ofrar dei til noti si, brenner røykjelse for garnet sitt, for dei gjev dei deira feite lut og mergfulle mat.
17Men skal dei difor framleides få tøma si not og stødt og stendigt drepa folkeslag utan skånsel?