Nahum 3NO1938N

1Usæl blodbyen, som all igjenom er full av lygn og vald! Aldri held han upp med å rana.

2Høyr svepesmell og ramling av hjul og hestar i flog og hoppande vogner!

3Ridar i tvisprang og logande sverd og blinkande spjot! Drepne i mengd og dungar av daude kroppar! Ingen ende er det på daude, ein snåvar i lik.

4Alt dette for den mangfelte hordomen som ho dreiv, ho den fagre og trollkunnige skjøkja, som selde folkeslag ved hordomen sin og heile ætter ved trolldomskunstene sine.

5Sjå, eg kjem yver deg, segjer Herren, allhers Gud. Eg skal lyfta kjolefalden din upp yver andletet ditt og syna folkeslagi blygsli di og kongeriki skammi di.

6Eg skal kasta saur på deg og føra vanæra yver deg, ja, til eit skodespel skal eg gjera deg.

7Og kvar og ein som ser deg, skal fly frå deg og segja: Ninive er lagt i øyde! Kven vil tykkja synd i henne? Kvar skal eg leita etter trøystarar åt deg?

8Trur du betre enn No-Amon, som låg ved Nilelvi, umringa av vatn, med hav til vern og hav til mur?

9Etiopar i mengd og uteljande egyptarar, Put-menner og Libya-menner var hjelpeheren hennar.

10Ho og laut fara i utlægd, sitja fange, småborni hennar vart krasa på alle gatemot, um alle gjævingane hennar kasta dei lut, og alle hennar stormenner vart sette i jarn.

11Du og skal verta drukken og sanselaus; du og skal søkja ei livd imot fienden.

12Alle dine borger likjest på fiketre med snar-mogne fikor; ved minste skaking dett dei i munnen på den som vil eta.

13Sjå, mannskapet du hev hjå deg, er som kvinnfolk. Portane til landet ditt stend vidopne for dine fiendar. Elden hev øydt upp dine portslåer.

14Aus deg vatn til å hava medan du vert kringsett! Vøl um dine skansar! Gakk ut gyrma og stampa leira! Set tigl-omnane i stand!

15Der skal elden eta deg, sverdet øyda deg ut, ja eta deg som sleikjarane, um du og sjølv samlar skarar so tallause som sleikjarar, ei ovmengd som grashoppar.

16Dine kræmarar er fleire enn stjernor på himmelen; sleikjarane breidde ut vengene og flaug burt.

17Fyrstane dine er som grashoppar, og hovdingane likjest ein grashoppesverm som slær seg ned på murane medan det er svalt; når soli kjem fram, flyg dei burt, og ingen veit kvar det vert av dei.

18Hyrdingane dine blundar, du Assur-konge! Gjævingane dine søv; folket ditt sundsprengt på fjelli, og ingen samlar det saman.

19Det finst ingi lindring for ditt mein, ditt sår er ulækjande. Alle som høyrar tidendi um deg, klappar i hendene yver deg; for kven hev ikkje din vondskap råka stødt og stendigt?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Nahum 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.