1Tenk etter og sansa deg, du folk som ikkje blygjest,
2fyrr Guds rådgjerd føder - som agner fer dagen fram - fyrr Herrens brennande vreide kjem yver dykk, fyrr Herrens vreide-dag kjem yver dykk!
3Søk Herren, alle de audmjuke i landet, som held lovi hans! Søk rettferd, søk audmykt! Kann henda vert de då livde på Herrens vreide-dag!
4For Gasa skal verta folketomt, Askalon til ei audn; Asdod-folket skal jagast ut midt på ljose dagen og Ekron rykkjast upp med rot.
5Usæle dei som bur i bygdene utmed havet, kretarfolket! Herrens ord kjem yver deg, Kana'an, du Filistarland, eg vil leggja deg i øyde, so ingen skal bu i deg.
6Og bygdene utmed havet skal liggja til hamnegang med gøymestader for hyrdingane og med sauegardar.
7Og det skal verta ei bygd for dei som vert att av Judas hus; der skal dei hava beite, i Askalonhusi skal dei liggja um kvelden. For Herren deira Gud skal sjå til dei, og gjera deira fangetid.
8Eg hev høyrt svivyrdingi frå Moab og spottordi frå Ammons-borni, då dei svivyrde mitt folk og briska seg mot landet deira.
9Difor, so visst som eg lever, segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, skal det ganga Moab som Sodoma og Ammons-borni som Gomorra: Dei skal verta ei netlemark, saltgruva og øydemark til æveleg tid. Resten av folket mitt, skal plundra dei; dei som vert att av lyden min skal få dei til eiga.
10Dette skal henda dei for deira storlæte, for di dei svivyrde og briska seg mot folket åt Herren, allhers Gud.
11Skræmeleg skal Herren te seg mot dei; for han skal øyda ut alle gudane på jordi, og alle heidningstrendene skal kasta seg ned for han, kvart folk på sin stad.
12De og, etiopar, vert gjenomstungne av sverdet mitt.
13Han retter ut handi mot nord og tyner Assur og gjer Ninive til ein audn, turr som ei øydemark.
14Hjorder skal lægra seg der; alle slag villdyrflokkar, både pelikanar og bustyvel, skal natta på sulehovudi der; fuglelåt høyrast i vindaugo, grus ligg på dørstokken, for sederpanelet hev han rive.
15Dette er den jublande byen, som budde so trygt og sa i sitt hjarta: Eg og ingen annan! Kor aud han er vorten, eit læger for villdyr! Kvar den som framum fer, blistrar og vinkar hædande med handi.