1Og Herren, allhers Gud, sende ordet sitt, og det lydde so:
2So segjer Herren, allhers Gud: Eg er ovleg ihuga for Sion, ja, med brennande harm er eg ihuga for det.
3So segjer Herren: Eg vender attende til Sion og vil bu i Jerusalem, og Jerusalem skal heita «Truskapsbyen» og fjellet åt Herren, allhers Gud, «Heilagfjellet».
4So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal gamle menner og kvinnor sitja på torgi i Jerusalem, alle med stav i hand for deira alderdom skuld,
5og torgi i byen skal vera fulle av gutar og gjentor som leikar seg der på torgi.
6So segjer Herren, allhers Gud: Um dette kjem til å synast umogeleg for leivningen av dette folket i dei dagane, skulde det då og synast umogeleg for meg? segjer Herren, allhers Gud.
7So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, eg skal frelsa folket mitt frå dei der soli renn, og frå dei landi der ho glader,
8og føra dei heim, og dei skal bu i Jerusalem og vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud i sanning og rettferd.
9So segjer Herren, allhers Gud: Lat dykkar hender vera sterke, de som i denne tidi høyrer desse ordi av dei same profetane som tala på den dagen då grunnsteinen vart lagd til huset åt Herren, allhers Gud, templet som skulde byggjast upp!
10For fyre den tidi hadde korkje folk eller fe løn for strevet sitt, og korkje den som gjekk ut eller den som gjekk inn, var trygg for fienden; for eg slepte alle menneske laus på kvarandre.
11Men no vil eg ikkje vera som i dei framfarne tider mot dei som er att av dette folket, segjer Herren, allhers Gud.
12Nei, trygt skal sædet vera: Vintreet skal gjeva si frukt og jordi si grøda, himmelen skal gjeva si dogg, og eg skal lata dei som er att av dette folket, få alt dette til eiga.
13Då skal det henda: liksom de hev vore ei forbanning millom folki, både Judas hus og Israels hus, so vil eg no frelsa dykk, og de skal verta ei velsigning. Ottast ikkje! Lat dykkar hender vera sterke!
14For so segjer Herren, allhers Gud: Liksom eg sette meg fyre å gjera dykk vondt då federne dykkar gjorde meg harm, og eg ikkje angra på det, segjer Herren, allhers Gud,
15soleis hev eg no i desse dagane sett meg fyre å gjera vel imot Jerusalem og Judas hus. Ottast ikkje!
16Dette er det de skal gjera: Tala sanning med kvarandre! Seg rettferdige domar på tinget, og domar som skaper fred!
17Tenk ikkje ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar, og hav ikkje hug til rang eid! For alt slikt hatar eg, segjer Herren.
18Og ordet frå Herren, allhers Gud, kom til meg, og det lydde so:
19So segjer Herren: Fasta i den fjorde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta Judas hus til frygd og gleda og gilde høgtider. Men elska sanning og fred!
20So segjer Herren, allhers Gud: Endå ein gong skal det verta so at heile folkeslag skal koma, ja, folk frå mange byar,
21og folket i den eine byen skal fara til den andre og segja: Kom, lat oss ganga av stad og blidka Herren og søkja han, Herren, allhers Gud! Eg vil ganga, eg og.
22Og då skal det koma mange folkeslag og mannsterke heidningfolk og søkja Herren, allhers Gud, i Jerusalem og blidka Herren.
23So segjer Herren, allhers Gud: I dei dagane skal det henda at ti mann av alle dei tungemål som vert tala millom heidningfolki, tek fat i kjolesnippen åt ein jødisk mann og segjer: Me vil ganga med dykk; for me hev høyrt at Gud er med dykk.