1Denne framsegni er Herrens ord mot Hadraks land; i Damaskus og skal det slå seg ned - for Herren hev auga med manneætti og med alle Israels ætter -
2like eins i Hamat, som ligg attved, og i Tyrus og Sidon med, for di dei er so kloke der.
3Tyrus bygde seg ei borg, dunga i hop sylv som mold og fint gull som gateskarn.
4Sjå, Herren skal lata framande taka henne, kasta ringmuren hennar i havet, og ho sjølv skal verta til føda for elden.
5Askalon ser det og ottast, og Gasa, som vrid seg i stor redsla, like eins Ekron, av di hennar von hev vorte til skammar; Gasa skal missa kongen sin, og Askalon skal verta folketom.
6Asdod skal hysa berre framandt herk, og eg vil rydja ut byrgskapen åt filistarane,
7eg vil taka offerblodet ut or munnen deira og det avstyggelege offerkjøtet burt frå tennene deira; og då skal det av dei og verta att ein leivning for vår Gud, og dei skal vera liksom ættehovdingar i Juda, og Ekron skal vera som ein jebusit.
8Og eg skal lægra meg og verja huset mitt mot herar som kjem og gjeng, og ikkje meir skal nokon valdsherre velta seg inn yver dei; for no ser eg med eigne augo korleis det er.
9Gled deg storleg, du Sions dotter! Ropa av frygd, du Jerusalems dotter! Sjå, kongen din kjem til deg; rettferdig er han og full av frelsa, fatig kjem han ridande på eit asen, på ein ung asenfole.
10Eg vil rydja burt stridsvognene i Efra'im og hestane i Jerusalem, og alle stridsbogar skal rydjast burt; han skal tala fred til heidningane, og hans herrevelde skal nå frå hav til hav og frå elvi til verdsens endar.
11For ditt paktblod skuld vil eg og fria dine fangar ut or brunnen der det ikkje finst vatn.
12Vend attende til den faste borgi, de fangar som hev von! Ogso i dag gjer eg kunnigt: Eg skal gjeva dykk tvifelt att.
13For eg spenner Juda som ein boge og legg Efra'im på bogen, og dine søner, Sion, eggjar eg mot dine søner, Javan, og eg gjer deg lik med sverdet åt ei kjempa.
14Ja, Herren skal syna seg yver dei, og pili hans fer ut som ein elding; Herren, Israels Gud, skal blåsa i luren og fara fram i sunnanstormane.
15Herren, allhers Gud, skal verna dei, og dei skal gløypa fiendane sine og trakka på dei som på slyngjesteinar; dei skal drikka blodet deira og ståka som av vin og verta fulle av blodet som offerskåli, som altarhyrno.
16Ja, Herren deira Gud skal frelsa dei på den dagen, han skal frelsa sitt folk som ei hjord; for dei er som glimesteinar i ei kruna og strålar yver landet hans.
17Å, kor gildt og kor fagert det er! Kornet gjev ungguten merg i bein, og druvesafti fostrar upp fagre møyar.