Zechariah 7NO1938N

1I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Sakarias, på den fjorde dagen i niande månaden, i månaden kislev.

2For Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans av stad til å blidka Herren

3og spyrja prestane i huset åt Herren, allhers Gud, og profetane: Skal me gråta og fasta i den femte månaden, som me hev gjort no i mange, mange år?

4Då kom ordet frå Herren, allhers Gud, til meg, og det lydde so:

5Seg til alt folket i landet og til prestane: Når de no i sytti år hev halde faste- og gråtedagar i femte og sjuande månaden, er det då for mi skuld de hev fasta?

6Og når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?

7Minnest de ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetane, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i byane rundt ikring, og i sudlandet og låglandet like eins?

8Og Herrens ord kom til Sakarias, og det lydde so:

9Soleis tala Herren, allhers Gud: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame, mot kvarandre!

10Enkjor og farlause, framandfolk og armingar må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!

11Men dei vilde ikkje høyra, men sette ein stiv nakke imot; dei gjorde øyro sine dauve, so dei skulde sleppa å høyra,

12ja, hjarto sine gjorde dei harde som demant, so dei skulde sleppa å høyra lovi og dei ordi som Herren, allhers Gud, sende ved sin Ande gjenom dei fyrre profetane. Difor kom det ein stor vreide frå Herren, allhers Gud.

13Og av di dei ikkje vilde høyra når han ropa, so sa no Herren, allhers Gud: Eg vil ikkje høyra når dei ropar,

14men eg skal føykja dei burt millom alle heidningfolki, som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter dei, so ingen fer att og fram der. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei audn.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.