Zechariah 6NO1938N

1Då eg atter lyfte augo mine, fekk eg sjå fire vogner som kom fram millom tvo fjell, og fjelli var av kopar.

2For den fyrste vogni var det raude hestar, for den andre vogni svarte hestar,

3for den tridje vogni kvite hestar, og for den fjorde vogni var det flekkute, sterke hestar.

4Då tok eg til ords og sa til engelen som tala med meg: Kva skal dette tyda, Herre?

5Engelen svara: Det er dei fire himmel-vindane. Dei hev vore kalla inn for herren yver all jordi og fer no av stad att.

6Vogni med dei svarte hestane for ut mot Norderlandet, dei kvite fylgde etter dei, og dei flekkute for ut mot Sudlandet.

7Men då dei sterkaste skulde fara ut, var dei fysne etter å få fara ikring på jordi, og han sa: Gakk, far ikring på jordi! Og dei for ikring på jordi.

8So ropa han høgt på meg og sa til meg: Sjå, dei som fer ut imot Norderlandet, dei svalar min harm på Norderlandet.

9Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

10Tak imot gåvone frå dei landlyste, frå Heldai, Tobia og Jedaja - gakk sjølv på denne dagen inn i huset åt Josias Sefaniasson - for dit er dei komne frå Babel -

11og tak imot sylv og gull av dei og få gjort krunor og set dei på hovudet åt Josva Jehosadaksson, øvstepresten!

12Og seg til han: So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, det skal koma ein mann som heiter Renning. Frå roti si skal han renna upp, og han skal byggja Herrens tempel.

13Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom og sitja og styra på kongsstolen sin, og han skal vera prest der han sit på kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom dei båe.

14Men krunone skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefaniasson.

15Og langt burtanfrå skal dei koma og byggja på Herrens tempel, og de skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til dykk. Og dette skal henda dersom de høyrer på røysti åt Herren dykkar Gud.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.