Zechariah 5NO1938N

1Sidan lyfte eg atter augo mine og fekk sjå ein fjukande bokrull,

2og han sa til meg: Kva ser du? Eg svara: Eg ser ein fjukande bokrull, som er tjuge alner lang og ti alner breid.

3Då sa han til meg: Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med det som stend skrive på den eine sida, skal kvar den som stel, verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med det som stend på den andre sida, skal kvar den som sver, verta reinska burt her ifrå.

4Eg hev sendt henne ut, segjer Herren, allhers Gud, og ho skal ganga inn i huset til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ved mitt namn, og ho skal setja seg fast der i huset og øyda det, både tre og stein.

5Sidan kom han fram den engelen som tala med meg, og sa til meg: Lyft upp augo dine og sjå kva det er som kjem fram der!

6Eg spurde: Kva er det? Han svara: Det er ein efa som kjem fram. Og han sa: Soleis skal det sjå ut med dei i heile landet.

7Då vart eit blylok lyft upp, og det tedde seg ei kvinna som sat i efaen.

8Då sa han: Dette er gudløysa. Og so tok han og slengde henne ned i efaen og slo blyloket yver opningi.

9Då eg sidan lyfte augo mine, fekk eg sjå tvo kvinnor som kom fram, og vinden fyllte vengene deira - for dei hadde venger som storkevenger - og dei tok og lyfte efaen upp, so han sveiv millom himmel og jord.

10Då spurde eg engelen som tala med meg: Kvar skal dei av med efaen?

11Han svara: Dei skal til Sinearlandet og byggja eit hus åt henne der, og når det er ferdigt, skal ho setjast ned der på sin stad.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.