1Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom når ein mann vert vekt or svevnen,
2og han sa til meg: Kva ser du? Eg svara: Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer for kvar lampa som er på han,
3og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.
4Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: Kva skal desse ting tyda, herre?
5Engelen som tala med meg, svara: Skynar du ikkje kva dette tyder? Eg svara: Nei, herre!
6Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, segjer Herren, allhers Gud.
7Kven er du, du store fjell som ris framfor Serubabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: Nåde, nåde vere med han!
8Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
9Serubabels hender hev tufta dette huset, og hans hender skal fullenda det; og du skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til dykk.
10For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små? Med gleda ser dei sju augo blyloddet i Serubabels hand, desse Herrens augo som fer ikring heile jordi.
11Då tok eg til ords og sa til han: Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei på høgre og vinstre sida av ljosestaken?
12Og eg tok til ords andre gongen og spurde han: Kva skal dei tyda dei tvo oljegreinene tett attved dei tvo gullrøyrene som det renn gull ned ifrå?
13Då sa han til meg: Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda? Eg svara: Nei, herre!
14Då sa han: Det er dei tvo som er salva med olje og stend hjå herren yver all jordi.