Zechariah 13NO1938N

1På den dagen skal det vera ei opi kjelda for Davids hus og for Jerusalems-buane til å tvætta av synd og ureinskap.

2Og på den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal eg rydja ut namni på avgudane or landet, so ingen meir skal minnast dei; ja, ogso profetane og den ureine åndi skal eg få ut or landet.

3Og um nokon heretter gjev seg til å spå, so skal far hans og mor hans, hans eigne foreldre, segja til han: Du kann ikkje få leva, for du hev tala lygn i Herrens namn. Og far hans og mor hans, hans eigne foreldre, skal stinga han ned medan han spår.

4På den dagen skal alle profetane skjemmast ved synene sine når dei vil spå, og dei skal ikkje klæda på seg ein hårkyrtel for å ljuga.

5Men kvar og ein av dei skal segja: Eg er ikkje nokon profet; jorddyrkar er eg, for det var ein mann som kjøpte meg til træl då eg var berre ungguten.

6Og um ein spør han: Kva er det for sår du hev i hendene dine? so kjem han til å svara: Dei hev eg fenge i huset hjå elskarane mine.

7Vakna upp, du sverd, mot hyrdingen min, mot den mannen som stend meg so nær! segjer Herren, allhers Gud. Slå hyrdingen, og sauene skal spreidast, og eg vil atter hava umsut for dei små!

8Og i heile landet, segjer Herren, skal tvo tridjepartar øydast og andast; berre ein tridjepart skal leivast der.

9Og denne tridjeparten let eg ganga gjenom elden og skirer han, som ein skirer sylv, og prøver han, som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal bønhøyra dei; eg skal segja: Dette er mitt folk, og dei skal svara: Herren er min Gud.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.