Zechariah 12NO1938N

1Denne framsegni er Herrens ord um Israel. So segjer Herren, som spana ut himmelen og grunnfeste jordi og skapte ånd i mannebarmen:

2Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folki rundt ikring; jamvel yver Juda skal det koma når Jerusalem vert kringsett.

3På den dagen skal eg gjera Jerusalem til ein lyftestein for alle folki; alle som lyfter på han, skal riva seg sund. Ja, alle heidningfolk på jordi skal flokka seg imot det.

4På den dagen, segjer Herren, skal eg slå alle hestane med villska og hestfolki med vitløysa; men yver Judas hus skal eg vaka, og alle hestane åt folki slær eg med blindskap.

5Då skal ættehovdingane i Juda segja med seg sjølve: Vår styrke er dei som bur i Jerusalem, ved Herren, allhers Gud, deira Gud.

6På den dagen skal eg lata ættehovdingane i Juda verta liksom ei glodpanna i ein vedhaug og ein brennande kyndel midt i ein halmdunge, og dei skal brenna upp alle folki rundt ikring, både til høgre og til vinstre; men Jerusalems-folket skal framleides bu trygt på sin stad, i Jerusalem.

7Og fyrst skal Herren frelsa tjeldi åt Juda, so ikkje Davids hus og Jerusalems-buane skal få større heider enn Juda.

8På den dagen skal Herren verna Jerusalems-buane, og den veikaste stakkaren millom dei skal på den dagen vera som David, og Davids hus som Gud, som Herrens engel framfyre dei.

9Og på den dagen skal eg trå etter å tyna alle heidningfolki som fer imot Jerusalem.

10Men yver Davids hus og yver Jerusalems-buane skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge; og dei skal syrgja på han som ein syrgjer på den einborne sonen, og øya og gråta som ein øyar yver fyrstefødde sonen.

11På den dagen skal sorgi verta stor i Jerusalem, liksom sorgi yver ulukka i Hadadrimmon i Megiddondalen.

12Og landet skal syrgja, kvar ættgrein for seg: ættgreini frå Davids hus for seg og deira kvinnor for seg, ættgreini frå Natans hus for seg og deira kvinnor for seg,

13ættgreini frå Levis hus for seg og deira kvinnor for seg, Sime'is ættgrein for seg og deira kvinnor for seg;

14like eins alle dei andre ættgreinene for seg og kvinnone deira for seg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.