1Sjå, det kjem ein Herrens dag, då det herfanget dei hev teke frå deg, skal skiftast ut inne i deg;
2for eg vil samla alle heidningfolki til strid imot Jerusalem, og byen skal verta herteken, husi skal verta herja, og kvinnone skal verta valdtekne. Og halve byen skal førast burt i utlægd; men leivningen av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3For Herren skal fara ut og strida mot desse heidningfolki, som han stridde fyrr på slagdagen.
4På den dagen skal han standa med føtene på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord, og andre helvti mot sud.
5Og de skal røma til dalen millom fjelli mine; for dalen millom fjelli skal nå radt til Asel; ja, de skal røma som de rømde for jordskjelven i dei dagane då Ussias var konge i Juda. Då skal han koma, Herren min Gud, og alle heilage med deg, min Gud.
6På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; dei herlege himmel-ljosi skal myrkna.
7Og det skal koma ein makelaus dag - Herren kjenner han - ein dag då det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, då skal det verta ljost.
8På den dagen skal det strøyma levande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna.
9Då skal Herren verta konge yver heile landet; på den dagen skal Herren vera EIN, og namnet hans eitt.
10Heile landet skal verta som Moane, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv skal lyfta seg høgt og liggja på sin stad, alt ifrå Benjaminsporten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananeltårnet og til vinpersone åt kongen.
11Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir; Jerusalem skal liggja der trygt.
12Men denne refsingi skal Herren senda yver alle dei folki som drog i herferd mot Jerusalem: Kjøtet deira skal han lata rotna medan dei stend på sine føter, augo deira skal rotna i holone sine, og tunga skal rotna i munnen på dei.
13På den dagen skal ei stor redsla frå Herren koma yver dei, so dei grip fat i kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.
14Juda og skal strida i Jerusalem, og då skal han samlast, rikdomen frå alle heidningfolki rundt ikring, gull og sylv og klæde i stor mengd.
15Den same refsingi skal og koma yver hestane og muldyri og kamelane og asni og alle dei andre dyr som finst der i lægri.
16Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og tilbeda Kongen, Herren, allhers Gud, og høgtida lauvhyttehelgi.
17Men um noko av folki på jordi ikkje fer upp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, allhers Gud, so skal det ikkje koma regn hjå dei;
18dersom egyptarfolket ikkje gjeng upp og ikkje møter fram, so skal det ikkje koma regn hjå dei heller; den same refsingi skal koma yver dei som Herren let koma yver dei heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
19Dette er syndestraffi for Egyptarland og for alle heidningfolki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
20På den dagen skal det standa på bjøllene åt hestane: Helga til Herren, og grytone i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret,
21og kvar einaste gryta i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, allhers Gud, so alle dei som ofrar, kann koma og taka av dei og koka i dei; og det skal ikkje meir finnast nokon kana'anit i huset åt Herren, allhers Gud, på den dagen.