Titus 2NO1938N

1Men du skal tala slikt som høver til den heilsame læra:

2at gamle menn skal vera edrue, vyrdelege, vislege, heile i trui, i kjærleiken, i tolmodet;

3like eins at gamle kvinnor i si åtferd skal te seg som det sømer dei heilage, ikkje fara med baktale, ikkje vera trelar under drykk, men vegleidarar i det gode,

4so dei kann læra dei unge kvinnone å elska mennene sine og borni sine,

5å vera vislege, reine, huslege, gode, lydige mot sine eigne menn, so Guds ord ikkje skal verta spotta.

6Dei unge mennene skal du like eins påminna um å vera vislege,

7og te deg sjølv i alle måtar som eit fyredøme i gode gjerningar, og vis i di læra reinleik, vyrnad,

8heilsam, ulastande tale, so motstandaren må verta skjemd når han inkje vondt hev å segja um oss.

9Tenarar skal du påminna um å vera lydige mot sine eigne herrar, å tekkjast dei i alle ting, ikkje segja imot,

10ikkje vera utrue, men visa all god truskap, so dei i alle ting kann vera til pryda for Guds, vår frelsars læra.

11For Guds nåde er openberra til frelsa for alle menneske,

12med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lystene og leva visleg og rettferdigt og gudleg i den verdi som no er,

13medan me ventar på den sæle von og openberringi av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom,

14han som gav seg sjølv for oss, so han kunde løysa oss ut frå all urettferd og reinsa seg eit eigedomsfolk, som er ihuga til gode gjerningar.

15Tala soleis, og påminn og refs med alt mynde! Lat ingen vanvyrda deg!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Titus 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.