Titus 1NO1938N

1Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom,

2i von um æveleg liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider,

3men no i si tid hev han openberra sitt ord i den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars fyresegn

4- til Titus, min ektefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!

5For den skuld let eg deg etter på Kreta at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg sa deg fyre,

6um det er nokon som er ulastande, mann til EI kvinna, og hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulydige.

7For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning,

8men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden,

9ein som held seg til det truverdige ordet etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala dei til rettes som segjer imot.

10For det er mange agelause, som fer med tomt svall og dårar hugen på folk, mest dei av umskjeringi.

11Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for låk vinning skuld.

12Ein av dei, deira eigen profet, hev sagt: Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.

13Dette vitnemålet er sant. Difor skal du refsa dei strengt, so dei må verta heile i trui

14og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneske som vender seg frå sanningi.

15Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; både hugen deira og samvitet deira er ureine.

16Dei segjer at dei kjenner Gud; men med gjerningane sine forneittar dei han, for dei er styggelege og ulydige og duglause til all god gjerning.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Titus 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.