2 Timothy 4NO1938N

1Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma levande og daude, og ved hans openberring og hans rike:

2Forkynn ordet, ver reidug i tid og i utid, yvertyd, refs, påminn med alt langmod og læra!

3For det skal koma ei tid då dei ikkje toler den heilsame læra, men etter sine eigne lyster taka seg sjølve lærarar i folketal, av di dei kleiar dei i øyra,

4og dei skal venda øyra frå sanningi og venda seg til eventyr.

5Men ver du edru i alle ting, lid vondt, gjer ein evangeli-forkynnars gjerning, fullfør di tenesta!

6For eg vert alt ofra, og tidi for mi avferd stundar til.

7Eg hev stridt den gode striden, eg hev fullenda laupet, eg hev halde trui.

8So ligg då rettferdskransen reidug til meg, den som Herren, den rettferdige domaren, skal gjeva meg på hin dagen, og ikkje berre meg, men alle som hev elska hans openberring.

9Gjer deg umak med å koma snart til meg!

10For Demas forlet meg av kjærleik til den noverande verdi og for til Tessalonika, Kreskens til Galatia, Titus til Dalmatia.

11Lukas er åleine hjå meg. Tak Markus med deg hit! for han er meg nyttig til tenesta.

12Tykikus hev eg sendt til Efesus.

13Når du kjem, so tak med deg den kåpa som eg let att i Troas hjå Karpus, og bøkene, serleg skinnbøkene!

14Koparsmeden Aleksander gjorde meg mykje vondt. Herren kjem til å løna han etter hans gjerningar.

15Akta deg for han du og! for han stod hardt imot våre ord.

16Ved mitt fyrste forsvar møtte ingen med meg, men alle forlet meg. Gjev det ikkje må verta dei tilrekna!

17Men Herren stod med meg og styrkte meg, so forkynningi skulde verta fullførd ved meg og alle folkeslag få høyra henne, og eg vart utfria or løvegapet.

18Herren skal fria meg frå all vond gjerning og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Honom vere æra i all æva! Amen.

19Helsa Priska og Akvilas og Onesiforus' hus!

20Erastus vart att i Korint. Trofimus let eg etter meg sjuk i Milet.

21Gjer deg umak med å koma fyre vinteren! Eubulus og Pudens og Linus og Klaudia og alle brørne helsar deg.

22Herren Jesus vere med di ånd! Nåden vere med dykk!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for 2 Timothy 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.