1Men dette skal du vita at i dei siste dagar skal det koma vande tider.
2For folk skal då vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame, vanheilage,
3ukjærlege, upålitande, baktalande, umåtelege, umilde, utan kjærleik til det gode,
4svikefulle, framfuse, ovmodige, slike som elskar lystene sine meir enn Gud,
5som hev skin av gudlegdom, men forneittar hans kraft - og dei skal du venda deg ifrå.
6For til dei høyrer dei som lurer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lyster
7og alltid lærer og aldri kann koma til å kjenna sanningi.
8Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneske som er øydelagde i hugen og duglause i trui.
9Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta synbert for alle, liksom det og vart med hine.
10Men du hev fylgt etter mi læra, mi åtferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod,
11mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or dei alle.
12Og alle som vil leva gudleg i Kristus Jesus, skal verta forfylgde.
13Men vonde menneske og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre; dei fører vilt og fer vilt.
14Men vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um! for du veit kven du hev lært det av,
15Og du kjenner heilt frå barndomen av dei heilage skriftene, som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus.
16Heile skrifti er innanda av Gud og er gagnlege til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,
17so gudsmennesket kann verta fullkome, dugleg til all god gjerning.