1So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!
2Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, yvergjev det til trufaste menneske som er duglege til ogso å læra andre!
3Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann!
4Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, for han vil tekkjast herføraren.
5Like eins, um ein strider i tevling, so fær han då ikkje kransen um han ikkje strider retteleg.
6Bonden som arbeider, skal fyrst njota fruktene.
7Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt.
8Kom Jesus Kristus i hug, som hev stade upp frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium,
9det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde.
10Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, so dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom.
11Det er eit truverdigt ord; for hev me døytt med han, skal me og leva med han;
12held me ut, skal me og styra med han; forneittar me, skal han og forneitta oss;
13er me utrue, so er han trufast; for han kann ikkje forneitta seg sjølv.
14Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på.
15Legg vinn på å kunna stiga fram for Gud som ein som held prøva, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg.
16Men haldt deg frå det vanheilage tome svallet! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa,
17og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt. Millom dei er Hymeneus og Filetus,
18som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume.
19Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsiglet: Herren kjenner sine, og: Kvar den som nemner Herrens namn, skal venda seg frå urettferd.
20Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra.
21Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga, nytleg for husbonden, tilreidt til all god gjerning.
22Men fly frå dei ungdomslege lyster, og jaga etter rettferd, tru, kjærleik, fred med dei som kallar på Herren av eit reint hjarta!
23Og vis frå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, for du veit at dei skaper strid!
24Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt,
25so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva dei umvending, so dei kunde kjenna sanningi
26og vakna upp att or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av, so dei må gjera hans vilje.