1Minn dei um å vera styremakter og yverråder undergjevne, vera lydige, reiduge til all god gjerning,
2ikkje spotta nokon, ikkje vera stridsame, men godlyndte, visa alt spaklynde mot alle menneske.
3For me var ein gong uvituge, ulydige, villfarande, trælar under mangeslag lyster og fysnor, me levde i vondskap og ovund, me vart hata og bar hat til kvarandre.
4Men då Guds, vår frelsars godleik og mannemilda vart openberra,
5frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande,
6som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,
7so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, etter voni skulde verta ervingar til det ævelege liv.
8Dette er eit truverdigt ord, og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnleg for menneski;
9men dårlege stridsspursmål og ættetavlor og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå; for dei er gagnlause og fåfengde.
10Eit ranglærande menneske skal du visa frå deg, når du hev påmint han ein gong og tvo gonger,
11for du veit at han er rangsnudd og syndar, dømd av seg sjølv.
12Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver.
13Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko.
14Våre folk og lyt læra å gjera gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause.
15Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa dei som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!