Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Revelation 9

:
Norwegian - NO1938N
1 Den femte engelen bles i basun. såg eg ei stjerna som hadde falle frå himmelen ned jordi, og ho fekk lykelen til avgrunnsbrunnen.
2 Og ho opna avgrunnsbrunnen, og ein røyk steig upp or brunnen, lik røyken av ein stor omn, og soli og lufti vart myrkte av røyken frå brunnen.
3 Og or røyken kom grashoppar ut yver jordi, og det vart gjeve dei makt, slik som skorpionane jordi hev,
4 og det vart sagt dei at dei ikkje måtte skada graset jordi eller noko grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds innsigle pannone,
5 Og det vart gjeve dei at dei ikkje skulde drepa dei, men pina dei i fem månader; og pinsla som dei volde, var som pinsla av ein skorpion når han sting eit menneske.
6 Og i dei dagar skal folk søkja dauden og ikkje finna han, og stunda etter å døy, og dauden skal fly frå dei.
7 Og grashoppane såg ut som hestar, budde til strid; og hovudi deira var det liksom krunor som såg ut som gull, og andleti deira var som manneandlet.
8 Og dei hadde hår som kvendehår, og tennene deira var som løvetenner.
9 Og dei hadde brynjor liksom jarnbrynjor, og ljoden av vengene deira var som ljod av vogner når mange hestar renner til strid.
10 Og dei hev stertar liksom skorpionar, og broddar, og i stertane deira ligg den makti dei hev fenge til å skada menneski fem månader.
11 Til konge yver seg hev dei avgrunnsengelen; hans namn er hebraisk Abaddon, og gresk hev han namnet Apollyon.
12 Det fyrste ve er til ende; sjå, det kjem tvo ve-rop etter dette!
13 Og den sette engelen bles. høyrde eg ei røyst frå dei fire horni det gullaltaret som stod framfor Gud,
14 og ho sa til den sette engelen, han som hadde basunen; Løys dei fire englane som er bundne ved den store elvi Eufrat!
15 Og dei fire englane vart løyste, dei som hadde stade ferdige timen og dagen og månaden og året til å drepa tridjeparten av menneski.
16 Og talet heren av hestfolk var tvo gonger ti tusund gonger ti tusund, eg høyrde talet dei.
17 Og soleis såg eg i syni hestane og dei som sat dei: dei hadde eldraude og myrkraude og svovelgule brynjor; og hovudi hestane var som løvehovud, og or munnen deira for det ut eld og røyk og svovel.
18 Av desse tri plagone vart tridjeparten av menneski drepne: av elden og røyken og svovelet som for ut or munnen deira.
19 For makti åt hestane ligg i munnen deira og halen deira; for halane deira er som ormar og hev hovud, og med dei gjer dei skade,
20 Og dei andre menneski, dei som ikkje vart drepne i desse plagone, vende ikkje um frå dei verki deira hender hadde gjort, so dei let vera å tilbeda dei vonde åndene og avgudane av gull og av sylv og av kopar og av stein og av tre, dei som korkje kann sjå eller høyra eller ganga;
21 og dei vende ikkje um frå mordgjerningane sine eller frå trolldomskunstene sine eller frå hordomen sin eller frå tjuvskapen sin.