Revelation 10NO1938N

1Og eg såg ein annan veldig engel stiga ned frå himmelen, sveipt i ei sky, og regnbogen var yver hovudet hans, og hans åsyn var som soli, og føtene hans som eldstolpar.

2Og han hadde i handi ei liti opna bok, og han sette den høgre foten på havet og den vinstre på jordi.

3Og han ropa med høg røyst, som ei løva burar, og då han hadde ropa, tala dei sju toredunane med sine røyster.

4Og då dei sju toredunane hadde tala, vilde eg til å skriva; og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: Set innsigle for det som dei sju toredunane tala, og skriv det ikkje upp!

5Og engelen som eg såg stod på havet og på jordi, lyfte den høgre handi upp mot himmelen

6og svor ved han som lever i all æva, som skapte himmelen og det som er i han, og jordi og det som er på henne, og havet og det som er i det, at det ikkje lenger skal vera nokor tid,

7men i dei dagar då røysti av den sjuande engelen vert høyrd, når han skal blåsa i basun, då skal Guds løyndom vera fullenda, so som han forkynte for tenarane sine, profetane.

8Og den røysti som eg hadde høyrt frå himmelen, høyrde eg tala med meg att og segja: Gakk og tak den litle opne boki i handi på den engelen som stend på havet og på jordi!

9Då gjekk eg burt til engelen og sa til han: Gjev meg den litle boki! Og han segjer til meg: Tak og et henne! ho skal svida i magen din, men i munnen din skal ho vera søt som honning.

10Og eg tok den litle boki or handi på engelen og åt henne, og ho var søt som honning i munnen min, men då eg hadde ete henne, sveid det i magen min.

11Og dei segjer til meg: Du skal atter spå um mange landslydar og folk og tungemål og kongar.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Revelation 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.