Revelation 8NO1938N

1Og då det opna det sjuande innsiglet, var det stilt i himmelen umkring ein halv time.

2Og eg såg dei sju englane som stend for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar.

3Og ein annan engel kom og stod ved altaret, og han hadde eit røykjelsefat av gull; og det vart gjeve han mykje røykjelse, som han skulde leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor stolen.

4Og røyken av røykjelsen steig frå engelens hand upp for Gud med bønene frå dei heilage.

5Og engelen tok røykjelsefatet og fyllte det med eld frå altaret og kasta det på jordi; og det kom toredunar og røyster og eldingar og jordskjelv.

6Og dei sju englane som hadde dei sju basunane, gjorde seg ferdige til å blåsa i dei.

7Og den fyrste engelen bles. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og vart kasta ned på jordi; og tridjeparten av jordi vart uppbrend, og tridjeparten av trei vart uppbrend, og alt grønt gras vart uppbrend.

8Og den andre engelen bles. Då var det som eit stort brennande fjell vart kasta i havet, og tridjeparten av havet vart til blod.

9Og so døydde tridjeparten av dei skapningar i havet som hadde liv, og tridjeparten av skipi gjekk under.

10Og den tridje engelen bles. Då fall frå himmelen ei stor stjerna, brennande som ein kyndel, og ho fall på tridjeparten av elvane og på vasskjeldone.

11Og namnet på stjerna er Malurt, og tridjeparten av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet, av di det hadde vorte beiskt.

12Og den fjorde engelen bles, Då vart tridjeparten av soli slegen, og tridjeparten av månen og tridjeparten av stjernone, so tridjeparten av dei skulde verta formyrkt, og tridjeparten av dagen missa ljoset sitt, og natti like eins.

13Sidan høyrde eg i syni mi ein ørn, som flaug under det høgste av himmelen og sa med høg røyst: Ve, ve, ve yver dei som bur på jordi, for dei andre basunrøystene av dei tri englane som endå skal blåsa!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Revelation 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.