Revelation 7NO1938N

1Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire hyrno av jordi og heldt dei fire vindane på jordi, so ingen vind skulde blåsa yver jordi eller yver havet eller på noko tre.

2Og eg såg ein annan engel, som steig upp frå solovringi og hadde den levande Guds innsigle; og han ropa med høg røyst til dei fire englane som det var gjeve å skada jordi og havet, og sa:

3Skad ikkje jordi eller havet eller trei fyrr me fær sett innsigle på vår Guds tenarar i pannone deira!

4Og eg høyrde talet på dei som hadde fenge innsigle: eit hundrad og fire og fyrti tusund med innsigle utav alle ætter av Israels-borni:

5av Juda-ætti tolv tusund med innsigle, av Rubens-ætti tolv tusund, av Gads-ætti tolv tusund,

6av Asers-ætti tolv tusund, av Naftali-ætti tolv tusund, av Manasse-ætti tolv tusund,

7av Simeons-ætti tolv tusund, av Levi-ætti tolv tusund, av Issakars-ætti tolv tusund,

8av Sebulons-ætti tolv tusund, av Josefs-ætti tolv tusund, og av Benjamins-ætti tolv tusund med innsigle.

9Sidan fekk eg sjå ein stor skare som ingen kunde telja, av alle folk og ætter og landslydar og tungemål, som stod framfor kongsstolen og Lambet, klædde i lange kvite klæde og med palmegreiner i hendene,

10og dei ropa med høg røyst og sa: Frelsa tilhøyrer vår Gud han som sit på kongsstolen, og Lambet!

11Og alle englane stod rundt um stolen og um dei eldste og dei fire levendi, og dei fall ned for stolen på sitt andlet og tilbad Gud og sa:

12Amen! Velsigningi og prisen og visdomen og takki og æra og makti og styrken tilhøyrer vår Gud i all æva! Amen.

13Og ein av dei eldste tok til ords og sa til meg: Desse som er klædde i dei lange kvite kjolane, kven er dei, og kvar er dei komne ifrå?

14Eg svara: Herre, du veit det. Då sa han til meg: Dette er dei som kjem ut or den store trengsla, og dei hev tvege kjolane sine og gjort dei kvite i Lambet sitt blod.

15Difor er dei for Guds kongsstol og tener han dag og natt i hans tempel; og han som sit på stolen, skal reisa sin bustad yver dei.

16Dei skal ikkje lenger hungra og ikkje lenger tyrsta; ikkje heller skal soli falla på dei, eller nokon hete;

17for Lambet, som er midt framfor kongsstolen, skal vakta dei og leida dei til livsens vasskjeldor, og Gud skal turka kvar tåra frå augo deira.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Revelation 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.