Revelation 6NO1938N

1Og eg såg då Lambet opna eit av dei sju innsigli, og eg høyrde eit av dei fire levendi segja som med torerøyst: Kom!

2Då fekk eg sjå ein kvit hest; og han som sat på han, hadde ein boge, og det vart gjeve han ei kruna, og han drog ut med siger og til siger.

3Og då det opna det andre innsiglet, høyrde eg det andre levendet segja: Kom!

4Og det kom ut ein annan hest, som var raud, og han som sat på han, vart det gjeve å taka freden burt frå jordi, og at dei skulde slakta kvarandre; og det var gjeve han eit stort sverd.

5Og då det opna det tridje innsiglet, høyrde eg det tridje levendet segja; Kom! Då fekk eg sjå ein svart hest; og han som sat på han, hadde ei vekt i handi.

6Og eg høyrde liksom ei røyst midt imillom dei fire levendi, som sa: Eit mål kveite for ein pening, og tri mål bygg for ein pening; men oljen og vinen skal du ikkje skada.

7Og då det opna det fjorde innsiglet, høyrde eg røysti av det fjorde levendet, som sa: Kom!

8Då fekk eg sjå ein gul hest; og han som sat på han, hans namn var dauden, og helheimen fylgde med han; og det vart gjeve dei makt yver fjordeparten av jordi, til å drepa med sverd og med svolt og med sott og ved villdyri på jordi.

9Og då det opna det femte innsiglet, såg eg under altaret deira sjeler som var myrde for Guds ord skuld, og for det vitnemålet skuld som dei hadde;

10og dei ropa med høg røyst og sa: Herre, du heilage og sannordige, kor lenge drygjer du fyrr du held dom og hemner bodet vårt på dei som bur på jordi?

11Og det vart gjeve kvar og ein av dei ein lang kvit kjole, og det vart sagt dei at dei skulde slå seg til ro endå ei liti stund, til dess talet vart fullt på deira medtenarar og deira brør som skulde verta ihelslegne liksom dei.

12Og eg såg Lambet opna det sette innsiglet, Då vart det ein stor jordskjelv, og soli vart svart som ein hårsekk, og heile månen vart som blod,

13og stjernone på himmelen fall ned på jordi, liksom eit fiketre kastar sine umogne fikor ned når det vert rist av sterk vind.

14Og himmelen kvarv som ein bokrull som vert samanrulla, og kvart fjell og kvar øy vart flutt frå sin stad.

15Og kongane på jordi og stormennene og herhovdingane og dei rike og dei veldige og kvar træl og kvar fri mann gøymde seg i holor og millom berghamrar,

16og dei segjer til fjelli og hamrane: Fall yver oss og gøym oss for hans åsyn som sit på kongsstolen, og for vreiden åt Lambet!

17For deira store vreide-dag er komen, og kven kann standa seg?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Revelation 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.