Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Revelation 5

:
Norwegian - NO1938N
1 Og eg såg i den høgre handi hans som sat stolen, ein bokrull med skrift innsida og utsida og forsigla med sju innsigle.
2 Og eg såg ein veldig engel, som ropa ut med høg røyst: Kven er verdig til å opna boki og brjota innsigli henne?
3 Og ingen i himmelen eller jordi eller under jordi kunde opna boki eller sjå i henne.
4 gret eg sårt av di ingen vart funnen verdig til å opna boki eller sjå i henne.
5 Og ein av dei eldste segjer til meg: Gråt ikkje! sjå, løva som er av Juda ætt, Davids rotrenning, hev sigra og kann opna boki og dei sju innsigli henne.
6 Og eg såg at midt imillom stolen og dei fire levendi og dei eldste stod eit lamb, liksom slakta, og det hadde sju horn og sju augo, det er dei sju Guds ånder som er utsende yver all jordi.
7 Og det kom og tok boki or den høgre handi hans som sat stolen.
8 Og det tok boki, fall dei fire levendi og dei fire og tjuge eldste ned for Lambet, og dei hadde kvar si harpa og gullskåler fulle med røykjelse, som er bønene frå dei heilage.
9 Og dei syng ein ny song og segjer: Verdig er du til å taka boki og opna innsigli henne, av di du vart slakta og med ditt blod kjøpte oss til Gud av alle ætter og tungemål og folk og landslydar,
10 og gjorde dei til eit kongerike og til prestar for vår Gud, og dei skal vera kongar jordi!
11 Og i syni mi høyrde eg ei røyst av mange englar ikring stolen og dei fire levendi og dei eldste; og talet dei var ti tusund gonger ti tusund og tusund gonger tusund,
12 og dei sa med høg røyst: Verdigt er Lambet, som er slakta, til å makt og rikdom og visdom og styrke og pris og æra og velsigning!
13 Og kvar skapning som er i himmelen og jordi og under jordi og havet, og alt det som er i dei, høyrde eg segja: Honom som sit stolen, og Lambet høyrer velsigningi og æra og prisen og styrken til i all æva!
14 Og di fire levendi sa: Amen! Og dei eldste fall ned og tilbad.