Revelation 1NO1938N

1Jesu Kristi openberring, som Gud gav han so han skulde visa tenarane sine det som snart skal henda; og han sende bod ved engelen sin og kunngjorde det i teikn for Johannes, tenaren sin,

2som hev vitna um Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han såg.

3Sæl er den som les, og dei som høyrer det profetiske ordet og gøymer det som stend skrive der; for tidi er nær!

4Johannes - til dei sju kyrkjelydane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju ånder som er framfor hans kongsstol,

5og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei daude og herren yver kongane på jordi. Honom som elskar oss og hev fria oss frå syndene våre med sitt blod,

6og som hev gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud og sin Fader, honom høyrer æra og makti til i all æva! Amen.

7Sjå, han kjem med skyene, og kvart auga skal sjå han, ogso dei som hev gjenomstunge han, og alle ætter på jordi skal gråta sårt yver han. Ja, amen!

8Eg er Alfa og Omega, segjer Herren Gud, han som er og som var og som kjem, den Allmektige.

9Eg, Johannes, som er bror dykkar, og hev lut med dykk i trengsla og i riket og i tolmodet i Jesus, eg var på den øyi som heiter Patmos. For Guds ord og Jesu vitnemål skuld.

10Eg var burtrykt i åndi på Herrens dag, og eg høyrde attanfor meg ei sterk røyst som av ein basun, som sa:

11Det du ser skriv det upp i ei bok og send det til dei sju kyrkjelydane, til Efesus og til Smyrna og til Pergamum og til Tyatira og til Sardes og til Filadelfia og til Laodikea!

12Og eg snudde meg, so eg kunde sjå røysti som tala med meg, og då eg snudde meg, såg eg sju ljosestakar av gull,

13og midt imillom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, klædd i ein fotsid kjole og umbunden under bringa med eit gullbelte;

14hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull, som snø, og augo hans som eldsloge,

15og føtene hans var som liksom skinande kopar, som dei var glødde i ein omn, og røysti hans var som ljod av mange vatn.

16I høgre handi hadde han sju stjernor, og ut or munnen hans gjekk eit tvieggja kvast sverd, og hans åsyn var som soli når ho skin i si kraft.

17Og då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som ein daud; og han la si høgre hand på meg og sa:

18Ottast ikkje! eg er den fyrste og den siste og den levande; og eg var daud, og sjå, eg er levande i all æva. Og eg hev lyklane til dauden og til helheimen.

19Skriv då det du såg, både det som er og det som skal henda heretter,

20løyndomen med dei sju stjernone som du såg i mi høgre hand, og dei sju gull-ljosestakane! Dei sju stjernone er englar for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er sju kyrkjelydar.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Revelation 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.