1Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesus: Dette segjer han som held dei sju stjernone i si høgre hand, han som gjeng midt imillom dei sju gull-ljosestakane:
2Eg veit um gjerningane dine og arbeidet ditt og tolmodet ditt, og at du ikkje kann tola dei vonde; og du hev prøvt dei som segjer dei er apostlar, og ikkje er det, og hev funne at dei er ljugarar;
3og du hev tolmod og hev havt mykje å bera for mitt namn skuld, og du hev ikkje vorte trøytt.
4Men eg hev imot deg at du hev gjeve upp din fyrste kjærleik.
5Kom difor i hug kvar du er fallen ifrå, og vend um og gjer dei fyrste gjerningane! elles kjem eg yver deg og vil flytja ljosestaken frå sin stad, um du ikkje vender um.
6Men dette hev du at du hatar gjerningane åt nikolaitane, som eg og hatar.
7Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg gjeva å eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
8Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Smyrna: Dette segjer den fyrste og den siste, han som var daud og vart levande:
9Eg veit um trengsla di og fatigdomen din - men du er rik - og spottordi frå dei som segjer at dei er jødar, og ikkje er det, men er Satans synagoga.
10Ottast ikkje for det du skal lida! Sjå, djevelen skal kasta nokre av dykk i fengsel, so de skal verta prøvde, og de skal hava trengsla i ti dagar. Ver tru til dauden, so skal eg gjeva deg livsens kruna!
11Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane: Den som sigrar, han skal slett ikkje lida mein av den andre dauden!
12Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Pergamum: Dette segjer han som hev det tvieggja kvasse sverdet:
13Eg veit kvar du bur: der som Satan hev sin kongsstol, og du held fast ved mitt namn, og du forneitta ikkje mi tru i dei dagar då Antipas var mitt true vitne, han som vart ihelslegen hjå dykk, der Satan bur.
14Men eg hev nokre få ting imot deg: at du hev sume der som held seg ved Bileams læra, han som lærde Balak å leggja støyt for Israels-borni, å eta avgudsoffer og gjera hor;
15soleis hev du og sume som like eins held fast ved læra åt nikolaitane.
16Vend um! elles kjem eg snart yver deg og vil strida mot dei ved min munns sverd.
17Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane: Den som sigrar, han vil eg gjeva av den løynde manna, og eg vil gjeva han ein kvit stein, og eit nytt namn, skrive på steinen, som ingen kjenner utan den som fær det!
18Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Tyatira: Dette segjer Guds Son, han som hev augo som eldsloge og føter som skinande kopar:
19Eg veit um dine gjerningar og din kjærleik og di tenesta og di tru og tolmodet ditt, og dei siste gjerningane dine, som er fleire enn dei fyrste.
20Men eg hev imot deg at du let kvinna Jesabel råda, ho som segjer at ho er ei profetkvinna, og som lærer og forfører mine tenarar til å gjera hor og eta avgudsoffer.
21Og eg gav henne tid til å venda um; men ho vil ikkje venda um frå sin hordom.
22Sjå, eg kastar henne på sjukeseng, og dei som gjer hor med henne, kastar eg i stor trengsla, dersom dei ikkje vender um frå gjerningane hennar.
23Og borni hennar vil eg rykkja burt ved daude, og alle kyrkjelydane skal sanna at eg er den som ransakar nyro og hjarto, og eg vil gjeva kvar og ein av dykk etter det han hev gjort.
24Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje hev denne læra, dei som ikkje kjenner Satans dypter - som dei segjer - til dykk segjer eg: Eg vil ikkje leggja nokor onnor byrd på dykk.
25Berre haldt fast ved det de hev, til dess eg kjem!
26Og den som sigrar, og som tek vare på mine gjerningar alt til enden, han vil eg gjeva makt yver heidningane,
27og han skal styra dei med jarnstav, liksom ein knasar kruskjerald, so som eg og hev fenge det av Far min,
28og eg vil gjeva han morgonstjerna.
29Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydane!