Jude 1NO1938N

1Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror - til dei som er kalla, som er elska i Gud Fader og berga åt Jesus Kristus:

2Miskunn og fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!

3De kjære, medan eg gjorde meg all umak for å skriva til dykk um vår sams frelsa, såg eg meg nøydd til å skriva til dykk med påminning um å strida for den trui som ein gong er yvergjevi til dei heilage.

4For nokre menneske hev snikt seg inn, som denne domen er uppskriven for alt for lenge sidan: ugudelege, som misbrukar vår Guds nåde til ukjurskap og neittar vår einaste herskar og herre, Jesus Kristus.

5Men sidan de no ein gong veit alt, vil eg minna dykk um at Herren, etter han hadde frelst folket ut or Egyptarland, sidan tynte dei som ikkje trudde,

6og um at dei englar som ikkje heldt fast ved sitt høge stand, men gjekk ifrå sin eigen heim, deim held han i varetekt i ævelege lekkjor under myrkret til domen på den store dagen,

7liksom Sodoma og Gomorra og byane der ikring, som på same vis som desse dreiv hor og for etter framandt kjøt, ligg der til eit fyredøme, med di dei lid refsing i æveleg eld.

8Like vel gjer desse og like eins; med di dei gjeng i draumar, gjer dei kjøtet ureint, vanvyrder herredøme og spottar høge makter.

9Men då yverengelen Mikael tretta med djevelen um Mose lekam, våga han ikkje å segja ein spottande dom, men sa: Herren refse deg!

10Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; men det dei av naturi skynar, liksom dei vitlause dyr, med det tynar dei seg.

11Usæle dei! for dei hev gjenge Kains veg og kasta seg inn i Bileams villfaring for vinning skuld og hev gjenge til grunns ved Korahs trass.

12Desse er skamflekkene ved dykkar kjærleiksmåltider, med di dei utan blygsla sit i gilde med dykk og forar seg sjølve, vasslause skyer, som vert drivne av stad av vinden, avlauva, fruktlause tre, tvo gonger utdøyde, upprykte med roti,

13ville havbåror som skumar ut si eiga skam, villfarande stjernor, som kolmyrkret er etla åt i all æva.

14Desse var det og Enok, den sjuande frå Adam, spådde um då han sa: Sjå, Herren kjem med sine mange tusund heilage

15og vil halda dom yver alle og refsa alle dei ugudlege for alle dei ugudlege gjerningane som dei gjorde, og for alle dei harde ordi som dei tala imot han, dei ugudlege syndarane!

16Desse er folk som murrar og klagar yver lagnaden, endå dei fer etter sine lyster, og deira munn talar skrøytande ord, endå dei gjøler for folk for vinning skuld.

17Men de, kjære, kom i hug dei ord som fyrr er tala av vår Herre Jesu Kristi apostlar,

18korleis dei sa dykk at i den siste tidi skal det koma spottarar som fer etter sine ugudlege lyster.

19Desse er dei som skil seg ut, naturlege menneske, som ikkje hev ånd.

20Men de, kjære, uppbygg dykk på dykkar høgheilage tru, bed i den Heilage Ande,

21og haldt dykk soleis i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, til æveleg liv!

22Og sume skal de tala til rettes av di dei tvilar,

23andre skal de frelsa med di de riv dei ut or elden, andre att skal de miskunna med otte, so de hatar jamvel den kjolen som hev vorte urein av kjøtet.

24Men honom som er mektig til å verna dykk, so de ikkje snåvar, og føra dykk lytelause fram for sin herlegdom i fagnad,

25den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre, honom høyrer herlegdom til og majestet og velde og makt fyre all tid, no og i all æva. Amen.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jude 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.