Psalms 92NO1938N

1Ein salme, ein song til sabbatsdagen.

2Det er godt å prisa Herren og å syngja ditt namn lov, du Høgste,

3å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um nætene,

4med tistrengs-citar og med harpa, med tankefullt spel på citar.

5For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk; eg fegnast yver det dine hender hev gjort.

6Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.

7Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar ikkje slikt.

8Når dei ugudlege grønkast som graset, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.

9Men du, Herre, er høg i all æva!

10For sjå, dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar forgjengst; alle illgjerningsmenner vert spreidde.

11Du lyfter upp mitt horn som hornet åt villuksen; frisk olje er rent yver meg.

12Og mitt auga ser med lyst på mine fiendar; mine øyro høyrer med gleda um dei vonde som stend upp imot meg.

13Den rettferdige grønkast som palmetreet, som ein seder på Libanon veks han.

14Dei er planta i Herrens hus, dei blømer i vår Guds fyregardar.

15Endå i høg alder skyt dei friske renningar; dei er saftfulle og grøne,

16so dei skal kunngjera at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i han.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 92.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.