1Herren hev vorte konge, han hev klædt seg i høgd; Herren hev klædt seg, han hev gyrdt seg med styrke, og jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka.
2Fast er din kongsstol frå fordoms tid; frå æva er du.
3Straumar hev lyft, Herre, straumar hev lyft si røyst; straumar lyfter upp sin dur.
4Men meir enn duren av dei store vatni, dei herlege, havbroti, er Herren herleg i det høge.
5Dine vitnemål er ovleg trufaste; heilagdom høver for huset ditt, Herre, so lenge som dagane varer.