Psalms 91NO1938N

1Den som sit i gøymsla hjå den Høgste, den som bur i skuggen hjå den Allmektige,

2han segjer til Herren: Mi livd og mi borg, min Gud som eg set mi lit til!

3For han friar deg or snara åt fuglefangaren, frå tynande sott.

4Med sine fjører løyner han deg, og under hans venger finn du livd; hans truskap er skjold og vern.

5Du skal ikkje reddast for skræmsel um natti, for pil som flyg um dagen,

6for pest som fer fram i myrkret, for sott som tyner um middagen.

7Um tusund fell attmed sida di og ti tusund attmed di høgre hand, so skal det ikkje nå til deg.

8Du skal berre skoda det med augo dine, og sjå korleis dei ugudlege fær si løn.

9For du, Herre, er mi livd. Den Høgste hev du gjort til din bustad;

10inkje vondt skal timast deg, og ingi plaga skal koma nær til ditt tjeld.

11For han skal bjoda sine englar at dei skal vara deg på alle dine vegar.

12Dei skal bera deg på hender, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein.

13På løva og eiterorm skal du treda, du skal trakka ned ungløvor og store ormar.

14For han heng fast ved meg, difor vil eg fria han ut; eg vil berga han, av di han kjenner mitt namn.

15Han skal kalla på meg, og eg skal svara han; eg er med han i naudi, eg vil fria han ut og føra han til æra.

16Med eit langt liv vil eg metta han og lata han skoda mi frelsa.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 91.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.