1Ei bøn av Moses, gudsmannen. Herre, du hev vore ein bustad for oss frå ætt til ætt.
2Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du, Gud.
3Du let menneskja verta til dust att og segjer: Vend um att, de mannsborn!
4For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti.
5Du riv dei burt som i flaum, dei vert som ein svevn. Um morgonen er dei som groande graset;
6um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp.
7For me hev forgjengest ved din vreide, og ved din harm er me burtskræmde.
8Du hev sett våre misgjerder for augo dine, vår løynde synd i ljoset frå di åsyn.
9For alle våre dagar er framfarne i din vreide; me hev levt våre år til ende som ein sukk.
10Vår livstid, ho varer sytti år, og når der er mykje kraft, åtti år, og jamvel det stoltaste er møda og fåfengd; for snøgt vart me drivne fram, og me flaug av stad.
11Kven kjenner styrken i din vreide, og din harm, soleis som ein bør ottast deg?
12Å telja våre dagar, det lære du oss, so me kann få visdom i hjarta!
13Vend um, Herre! Kor lenge? Ynkast yver tenarane dine!
14Metta oss med di miskunn når morgonen renn, so vil me fegnast og gleda oss alle våre dagar!
15Gled oss so mange dagar som du hev plaga oss, so mange år som me hev set ulukka!
16Lat di gjerning syna seg for tenarane dine og din herlegdom yver deira born!
17Og Herrens, vår Guds ynde vere yver oss, og det våre hender gjer, gjeve du framgang for oss, ja, det våre hender gjer, det gjeve du framgang!