1Ein salme til lærdom av Etan, esrahiten.
2Um Herrens nådegjerningar vil eg æveleg syngja; frå ætt til ætt vil eg kunngjera din truskap med min munn.
3For eg segjer: Æveleg vert miskunn uppbygd, i himmelen grunnfester du din truskap.
4[Du segjer:] Eg hev gjort ei pakt med min utvalde, eg hev svore for David, tenaren min:
5Æveleg vil eg grunnfesta ditt avkjøme, og eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt. Sela.
6Og himmelen prisar di undergjerning, Herre, og din truskap fær pris i samlingi av dei heilage.
7For kven i det høge er Herrens like? Kven er som Herren millom Guds søner,
8ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet åt dei heilage og til redsla for alle som er ikring han?
9Herre, allhers Gud, kven er sterk som du, Herre? Og din truskap er kringum deg.
10Det er du som råder yver havsens ovmod; når bylgjone i det reiser seg, stiller du dei.
11Du hev slege Rahab sund som ein ihelslegen; med din sterke arm hev du spreidt dine fiendar.
12Himmelen er din, og jordi er di; jordriket og alt som er i det, hev du grunnlagt;
13nord og sud hev du skapt; Tabor og Hermon fegnast yver ditt namn.
14Du hev ein arm med velde; sterk er di hand, høg er di høgre hand.
15Rettferd og rett er grunnvoll for din kongsstol; nåde og sanning gjeng fyre di åsyn.
16Sælt er det folk som kjenner til glederop; i ljoset frå ditt andlet skal dei ferdast, Herre.
17I ditt namn fegnast dei all dagen, og ved di rettferd vert dei upphøgde.
18For du er prydnaden i deira styrke, og ved din godhug lyfter du upp vårt horn.
19For Herren er vårt skjold, og Israels Heilage vår konge.
20Den gong tala du i ei syn til dine trugne og sa: Eg hev lagt hjelp i handi på ein veldig, eg hev upphøgt ein ungdom av folket.
21Eg hev funne David, tenaren min, med min heilage olje hev eg salva han.
22Mi hand skal alltid vera med han, og min arm skal styrkja han.
23Fienden skal ikkje trengja han, og den urettferdige skal ikkje kua han.
24Men eg vil krasa hans motstandarar for hans åsyn og slå dei som hatar han.
25Og min truskap og mi miskunn skal vera med han, og i mitt namn skal hans horn verta upplyft.
26Eg vil leggja havet under hans hand og elvane under hans høgre hand.
27Han skal ropa til meg: Du er min far, min Gud og mitt frelsefjell.
28Og eg vil gjera han til den fyrstefødde, til den høgste av kongane på jordi.
29Mi miskunn imot han vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for han.
30Og eg vil halda uppe hans avkjøme til æveleg tid, og hans kongsstol so lenge himmelen varer.
31Dersom hans born forlet mi lov og ikkje ferdast etter mine lovbod,
32dersom dei bryt mine fyresegner og ikkje held mine bod,
33då vil eg heimsøkja deira synd med ris og deira misgjerd med plagor.
34Men mi miskunn vil eg ikkje taka frå han, og ikkje vil eg svika i min truskap.
35Eg vil ikkje brjota mi pakt og ikkje brigda ordi frå mine lippor.
36Eitt hev eg svore ved min heilagdom, sanneleg, for David vil eg ikkje ljuga:
37Hans avkjøme skal vera til æveleg tid, og hans kongsstol som soli for mi åsyn.
38Som månen skal han standa æveleg, og vitnet i det høge er trufast. Sela.
39Og du hev støytt burt og forsmått, du hev vorte harm på den du hev salva.
40Du hev rist av deg pakti med din tenar, du hev vanhelga hans kruna og kasta henne på jordi.
41Du hev brote ned alle murane hans, du hev gjort hans festningar til grusdungar.
42Alle som fer framum på vegen, hev plundra han; han hev vorte til spott for grannane sine.
43Du hev upphøgt høgre handi åt hans motstandarar, du hev gjort alle hans fiendar glade.
44Du let og hans sverds-egg vika og heldt han ikkje uppe i striden.
45Du hev gjort ende på hans glans og kasta hans kongsstol til jordi.
46Du hev korta av hans ungdoms dagar, du hev sveipt han i skam. Sela.
47Kor lenge, Herre, vil du løyna deg æveleg? Kor lenge skal din harm brenna som eld?
48Kom då i hug kor stutt mitt liv er, og kor forgjengelege du hev skapt alle mannsborni.
49Kven fær vel leva og slepp å sjå dauden? Kven friar si sjel frå helheims vald? Sela.
50Herre, kvar er dine nådegjerningar frå fordoms tid, dei som du med eid lova David i din truskap?
51Herre, kom i hug den skam som ligg yver dine tenarar, at eg lyt bera i fanget alle dei mange folk,
52at dine fiendar spottar, Herre, at dei spottar fotfari åt han som du hev salva.
53Lova vere Herren æveleg! Amen, amen.