1Ein song, ein salme av Korahs born; til songmeisteren; etter Mahalat leannot; ein song til lærdom av Heman, esrahiten. /
2Herre, min Frelse-Gud! Dag og natt ropar eg framfor deg.
3Lat mi bøn koma for di åsyn, halla ditt øyra til mitt klagerop!
4For mi sjel er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen.
5Eg er rekna lik dei som fer ned i gravi; eg er som ein mann utan livskraft,
6frigjeven som ein av dei daude, lik dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, av di dei er skilde frå di hand. /
7Du hev lagt meg i den djupe hola, på myrke stader, i ovdjup.
8Din harm ligg tungt på meg, og med alle dine bylgjor trengjer du meg. Sela.
9Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for dei; eg er innestengd og kann ikkje koma ut.
10Mitt auga hev ormektast av liding; eg hev kalla på deg, Herre, kvar dag hev eg rett ut mine hender til deg.
11Gjer du vel under for dei daude, eller tru daudingar stend upp og lovar deg? Sela.
12Tru dei i gravi fortel um di miskunn, i avgrunnen um din truskap?
13Vert dine under kjende i myrkret, og di rettferd i gløymelandet?
14Men eg ropar til deg, Herre, og um morgonen kjem mi bøn imot deg.
15Kvifor, Herre, støyter du burt mi sjel? Kvifor løyner du ditt andlet for meg?
16Arm er eg og døyande frå ungdomen av; eg ber dine redslor, eg lyt gjeva meg yver.
17Logane av din harm hev gjenge yver meg, dine skræmor hev gjort meg til inkjes.
18Dei hev ringa seg um meg som vatn all dagen, dei hev kringsett meg alle saman.
19Du hev drive langt burt frå meg ven og næste; mine kjenningar er den myrke staden.