Psalms 87NO1938N

1Av Korahs born; ein salme, ein song. / Den byen han hev grunnfest på dei heilage fjelli,

2Sions portar elskar Herren mest av alle Jakobs bustader.

3Herlege ting er sagde um deg, du Guds by. Sela.

4Eg nemner Rahab og Babel millom dei som kjenner meg; sjå filistaren, Tyrus-mannen og etiopen: Denne er fødd der. /

5Og um Sion skal det verta sagt: Kvar ein er fødd der. Og han, den Høgste, gjer det fast.

6Herren skal telja når folki vert uppskrivne, og segja: Denne er fødd der. Sela.

7Og dei som syng og dansar, skal segja: Alle mine kjeldor er i deg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 87.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.