Psalms 86NO1938N

1Ei bøn av David. / Herre, halla øyra hit, og svara meg! for arm og fatig er eg.

2Tak vare på mi sjel! for eg er gudleg. Frels din tenar, du min Gud, han som lit på deg.

3Ver meg nådig, Herre! for til deg ropar eg heile dagen.

4Gled din tenars sjel! for til deg, Herre, lyfter eg mi sjel.

5For du, Herre, er god og viljug til forlating og rik på miskunn for alle dei som kallar på deg.

6Herre, vend øyra til mi bøn, og merka på mi bønerøyst!

7Den dag eg er i naud, ropar eg på deg, for du svarar meg.

8Ingen er som du millom gudane, Herre, og ingen ting er som dine verk.

9Alle heidningane, som du hev skapt, skal koma og tilbeda for di åsyn, Herre, og dei skal æra ditt namn.

10For du er stor, og du gjer under; du er Gud og ingen annan.

11Lær meg, Herre, din veg! Eg vil ferdast i di sanning. Vend mitt hjarta til det eine: å ottast ditt namn!

12Eg vil prisa deg, Herre min Gud, av alt mitt hjarta, og eg vil æra namnet ditt æveleg.

13For di miskunn er stor yver meg, og du hev frelst mi sjel frå den djupe helheimen.

14Gud, stormodige hev reist seg imot meg, og ein flokk av valdsmenner stend etter livet mitt, og dei hev ikkje deg for auga.

15Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på nåde og sanning.

16Vend deg til meg og ver meg nådig, gjev din tenar styrken din og frels son åt di tenestkvinna!

17Gjer eit teikn med meg til det gode, so dei som hatar meg, må sjå det og skjemmast, av di du, Herre, hev hjelpt meg og trøysta meg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 86.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.