Psalms 85NO1938N

1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.

2Herre, du hev fyrr vore nådig mot landet ditt, du gjorde ende på Jakobs fangekår.

3Du tok burt ditt folks misgjerning, du breidde yver all deira synd. Sela.

4Du tok burt all din harm, du let din brennande vreide venda um.

5Vend um til oss, vår Frelse-Gud, og gjer ende på din uvilje imot oss!

6Vil du æveleg vera vreid på oss? Vil du lata din vreide vara frå ætt til ætt?

7Vil ikkje du gjera oss levande att, so ditt folk kann gleda seg i deg?

8Herre, lat oss sjå di miskunn, og gjev oss di frelsa!

9Eg vil høyra kva Gud Herren talar; for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap.

10Ja, hans frelsa er nær dei som ottast han, so herlegdom skal bu i vårt land.

11Nåde og sanning skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.

12Sanning skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen.

13Herren skal og gjeva det som godt er, og vårt land skal gjeva si grøda.

14Rettferd skal ganga fyre han og stendigt fylgja i fari hans.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 85.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.