Psalms 84NO1938N

1Til songmeisteren, etter Gittit; av Korahs born; ein salme. /

2Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers Gud!

3Mi sjel lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den levande Gud.

4Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers Gud, min konge og min Gud!

5Sæle er dei som bur i ditt hus; dei skal allstødt lova deg. Sela.

6Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar. /

7Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei han til ein kjeldevang, og haustregnet legg velsigning yver han. /

8Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion.

9Herre, Gud, allhers Gud, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! Sela.

10Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andletet åt han du hev salva!

11For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi åt gudløysa.

12For Gud Herren er sol og skjold, Herren gjev nåde og æra; han held ikkje undan noko godt frå dei som ferdast i uskyld.

13Herre, allhers Gud, sæl er den mann som set si lit til deg!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 84.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.