Psalms 83NO1938N

1Ein song, ein salme av Asaf.

2Gud, teg ikkje! Ver ikkje still og haldt deg ikkje roleg, Gud!

3For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet!

4Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot dei som du vernar.

5Dei segjer: Kom, lat oss rydja dei ut, so dei ikkje lenger er eit folk, og Israels namn skal ingen meir koma i hug.

6For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjer dei samband,

7Edoms tjeld og ismaelitane, Moab og hagarenane,

8Gebal og Ammon og Amalek, Filistarland med dei som bur i Tyrus.

9Ogso Assur hev gjenge i lag med dei, dei låner sin arm til Lots søner. Sela.

10Gjer med dei som med Midian, som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!

11Dei vart øydelagde ved En-Dor, dei vart til møk åt marki.

12Far med dei, deira fremste menner, som med Oreb og Se'eb, og med alle deira hovdingar som med Sebah og Salmunna,

13dei som segjer: Lat oss hertaka Guds bustader!

14Min Gud, gjer dei som ein dustkvervel, som agner for vinden!

15Lik ein eld som brenner ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,

16soleis forfylgje du dei med din storm og skræme dei med ditt uver!

17Fyll deira andlet med skam, so dei søkjer ditt namn, Herre!

18Lat dei skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunns!

19Og lat dei få vita at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Psalms 83.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.