1Ein salme av Asaf. / Gud stend i Guds lyd; midt imillom gudar held han dom: /
2Kor lenge vil de døma rangt og halda med dei ugudlege? Sela.
3Døm den ringe og farlause! Lat armingen og den fatige få sin rett!
4Berga den ringe og fatige, frels han frå handi åt dei ugudlege!
5Dei veit inkje og skynar inkje, dei ferdast i myrker; alle grunnvollane åt jordi ruggar.
6Eg hev sagt: De er gudar, søner åt den Høgste er de alle.
7Men sanneleg, som menneske skal de døy, og som ein av hovdingane skal de falla.
8Statt upp, Gud, haldt dom yver jordi! For du eig alle heidningane.